Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2020

Vi fann 76 artiklar i dette arkivet.

Side 5 av 7« Første...34567

Vinteres siste krampetrekning?

Jon Olav Ørsal Måndag 11. mai 2020

Vêrgudane spelar ikkje akkurat på lag med dei som no ønskjer seg fint vårvêr for å drive med meir vårlege aktivtetar som våronn og hagestell.  Andre dagen på rad vaknar vi opp til nysnø, om ikkje akkurat skiføre.  Den blaute nysnøen kjem nok bort like snart som den kom, dersom vi får eit solgløtt i løpet av dagen.


Ytre setrene i Romådalen fra Todalen historielag.

Ingri og Ragnhild i scannarpatrulja Måndag 11. mai 2020

No har vi komme til Romådalen på vår arkiv-visning. Vi deler Romådalen opp i tre bolkar for vi har så mange bilete i arkivet. I dag kan du gjera deg betre kjent med Ytre Setrene i Romådalen.


Kløvertur måndag 11. mai

Dordi Jorunn Halle Sundag 10. mai 2020

Sanitetsforeninga i Todalen inviterer til Kløvertur måndag 11. mai. Oppmøte ved Hals/Matkorken og turstart kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Bilnøkkel funne på Tjønnmyran

Dordi Jorunn Halle Laurdag 9. mai 2020

I dag, 9.mai, vart denne bilnøkkelen funne på Tjønnmyran i StikkUT!-runden. Nøkkelen blir lagt inn på Matkroken i Todalen og kan hentast der.


Vil ha arboretet ope så mykje vi kan!

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. mai 2020

For Svinviks arboret er det ingen tvil om at det er både eit spesielt år og ein spesiell vår.  Koronakrisa «var på topp» akkurat da vi skulle booke bussturer til arboretet på etterjulsvinteren, fortel Maja Frønes som er dagleg leiar for Svinviks arboret. – Disse gruppereisene legg fundamentet både for besøkstala i hagen og for omsetninga i kafeteriaen.  I staden for å planlegge ein offensiv vårsesong så vart arboretet stengt ned, sier Maja.  No er det letta litt på restriksjonane, men dette vil nok prege drifta gjennom heile sesongen og framleis er gruppeturar med buss forbudt. 


Månadens bilete april: Beregn to snømanns avstand

Mari B. Redalen Laurdag 9. mai 2020

Kristin Kårvatn vant månadens bilete med korona avstand målt i snømenn. Vi gratulerer og lovar at premie vil bli overlevert. Som alltid vil vi takke alle våre bidragsytarar for at dykk held oss med bilete.


Nyt Todalen fra lufta

Elinor Bolme Laurdag 9. mai 2020

Todalsfan Andreas Belboe har sendt oss ein film fra Todalen 19. april.  Han har filma med drone fra nedre del av bygda og sett saman ein to minutt lang filmsnutt. Kunne vore ein reklame for «Heimatt til Todalen» dette!


8. mai-markeringa med utmerking til Torbjørn Ellevset

Elinor Bolme Fredag 8. mai 2020

I desse «koronatidene» har ein måtte planlegge merkedagane i mai utan det store publikum. Surnadal kommune har difor i år valt å filme markeringa av 8. mai. 

Stig Cato Magnussen, områdesjef i Heimevernet, og kulturleiar Lilli Husby har  derfor i dag lagt på krans ved dei tre bautane til minne om dei som mista livet da krigen braut ut i 1940.


Ikkje medlem enno?

Elinor Bolme Fredag 8. mai 2020

No har alle dei personlege medlemmane til Todalen.no enten fått faktura digitalt eller i posten. Det betyr at om du IKKJE har fått faktura eller har vippa direkte, så er du faktisk ikkje eit personleg medlem.


Biltog 17. mai

Elinor Bolme Fredag 8. mai 2020

Årets 17. mai blir også i Todalen skalert ned til eit minimum. 17. mai-komiteen ønsker å få til ei lita ekstra markering med det tradisjonelt biltoget i botnen. Derfor blir det  flaggheising på Matkroen og Talgø og synging av nasjonalsangen før biltoget startar klokka 11 og fortsett turen opp til gammelfabrikken og runden ned rundt bygda igjen.  


Det er fremdeles maibomster å få kjøpt!

Dordi Jorunn Halle Onsdag 6. mai 2020

No er det mai og tid for å pynte opp. I år blir feiringa av 17. mai, andre høgtidsdagar og maifestdagar annleis enn vanleg. Kanskje er det da ekstra viktig med litt pynt for å setje farge på maidagane? Sanitetsforeninga sel maiblomster, ikkje på Halsbua som vanleg, men ved bestilling på grunn av smittesituasjonen.
Slik er opplegget:


Vasking av tunnel

Elinor Bolme Onsdag 6. mai 2020

I kveld er det manuell dirigering ved Svinviktunellene melder Mesta. Da er det tid for vårpussen og ein skikkeleg rundtvask. Arbeidet vil pågå ein tre-fire timar fra klokka 18 og utover.


Side 5 av 7« Første...34567