Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for april, 2019

Vi fann 77 artiklar i dette arkivet.

Side 4 av 7« Første...23456...Siste »

Stor oppslutning om påskebasaren på Nordvik

Dordi Jorunn Halle Tysdag 16. april 2019

Påskebasaren på Nordvik samla mykje folk, inne var Forsamlingshuset var stappfullt, og utanfor var det full fart med ein skokk ungar som leika gjømsel. Det er tydeleg at Nordvik er vekstområde, og etter kvart som byggefeltet på Øygarden fyllest opp, kan nok Forsamlingshuset bli i minste laget.


Åpen kro med påskeQUIZ

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. april 2019

Onsdag 17. april  fra kl. 20 og utover blir det åpen kro på Pakkhuset på Todalsøra.  Det blir spennende PåskeQUIZ med premiering til beste lag.  Ta turen til Pakkhuset og treff venner som er hjemme på påskeferie.     


Sjekk boligverdien i skattemeldinga

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. april 2019

Frå og med 2020 vil Surnadal kommune bruke Skatteetaten sin berekna marknadsverdi for boligar som grunnlag for utskriving av eigedomsskatten. Kommunen ber difor eigarar av bustader om å kontrollere at dei førehandsutfylte tala under post 4.3.2 i skattelikninga for 2018, som sendast ut av Skatteetaten, er riktige.


Kom og ta ein kaffekopp….

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. april 2019

Det er Reidar Østvik og Sissel Halset Storslett som inviterer på kunstutstilling i Gammelskulen i Todalen i starten på påska. Dei inviterer til å kome og sjå, og samtidig til ein kopp kaffe. Sjølvsagt får du nok kjøpe kust også, dersom du vil. Utstillinga er opa frå torsdag til søndag – alle dagar 14-16.


Matkroken Todalen – opningstider i påska

Jon Olav Ørsal Måndag 15. april 2019

Påskeveka er travel på Matkroken, når folketalet i bygda doblar seg nærast over natta, og dreg med seg mykje ekstra handel. Handelsmann Nordvik skryter av påskegjestane som kundar og legg vinn på å yte så god service som mogleg. Fram til og med onsdag er det vanleg opningstid medan det er heilt stengt 2 dagar – langfredag og 1. påskedag.


Bra respons på vervinga av støttemedlemar

Jon Olav Ørsal Måndag 15. april 2019

Styreleiaren i Todalen.no er godt nøgd med responsen på vervekampanjen som har pågått den siste tida. Det er mange som har betalt og teikna seg som nye støttemedlemar i Todalen.no, og det viser at det både er stor interesse for – og at det tilbodet vi har av lokale nyheter er godt lika. Da er det fint at våre lesarar er med og tek litt økonomisk ansvar gjennom eit støttemedlemskap, seier Husby.


Med singel og sand frå Eide

Jon Olav Ørsal Sundag 14. april 2019

Laurdag var det sandlossing ved kaia attmed settefiskanlegget. Det var båten «Freifjord» som kam med 1050 tonn med knusagrus og singel til Per E. Gjeldnes Maskin. Totalt var det rundt 620 m3 som var lossa og lagt på lager på land – ein jobb som tok rundt 3 timar, fortel Per E. Gjeldnes.


Nordviksetra og Seterrennet 2019

Jon Olav Ørsal Sundag 14. april 2019

Sol, varme og vind har tært hardt på snøen i dag, men det er såpass snø att på Nordviksetra at det blir Seterrenn, fortel Ola Magne Nordvik i Nordvik Grendalag. Det er såpass med snø bortover rabbane at vi skal få til å arrangere eit langrenn, men hopprenn og kulerenn blir det verre med seier Nordvik.


Spennande delfinale i klassequizen

Jon Olav Ørsal Laurdag 13. april 2019

Den første delfinalen i Klassequizen var mesta meir spennande enn ein har godt av. Surnadals lag leia siste halvdel av konkurransen og det var vel alle som trudde at forspranget skulle halde til dei var i mål. Men i siste runde glippa det litt, og dei vart eit fattig sekund for seint i mål, og dermed vart det finaleplass på Myre skole og Smestad skole. Det var eit par bom og dermed litt straffetid som felte Surnadal i siste innspurt.


Påskesongmesse i Åsskard

Jon Olav Ørsal Fredag 12. april 2019

Åsskard kyrkje har i ei årrekkje hatt godt besøk på si «Påskesongmesse». Mange set pris på ei samanhengande oppleving av «heile påska». Programmet er ei tekst-musikalsk vandring gjennom høgtida – frå palmesøndag til påskemorgon. Dette skjer i bibeltekster, dikt, salmesong og klassisk kyrkjemusikk. Koret Prosjekt 17 er hovudaktør og arrangør saman med soknerådet. Songsolist Turid Røen Kroknes. koret og forsamlinga har tonefølgje av fiolinistane Odd Sonntag og Synnøve Hammervold og organist Tor Strand.


Skal bruke ein månad på å presentere heimfylket

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. april 2019

Oda Halle er snart midt inne i ein spennande aprilmånad. Ho er ein av 20 ungdomar som får bruke ein månad på å presentere sitt eige heimfylke – Møre og Romsdal. Det er skofabrikken Alfa som har ei bloggside der 2o ungdomar altså får bruke, og Oda er alt godt i gang med Møre og Romsdal. Sist helg var ho i Reinheimen på ein tre dagers tur og påska har ho tenkt å bruke i Trollheimen. Mellom anna har ho planlagt ein tur frå Gråhugen i Folldalen og til Innerdalen.


Oversikt over påskeaktiviteter på Nordvik

Sverre Kjølstad Onsdag 10. april 2019

Påsken nærmer seg med stormskritt, og i følge gammel tradisjon blir det påskebasar tirsdag 16. april i tidsrommet 18.00 – 21.00 og det skjer i Nordvik Forsamlingshus. Grendalaget har vært så heldige at de har fått sponset en flott gassgrill som hovedgevinst til basaren. I tillegg til vanlig basarbord blir det åre- og loddsalg, og selvsagt salg av kaffe med noe godt til. Bla om så får du info om Seterrennet…..


Side 4 av 7« Første...23456...Siste »