Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for november, 2018

Vi fann 70 artiklar i dette arkivet.

Side 3 av 612345...Siste »

Feira lang og tru teneste

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. november 2018

I disse dager jubileres det på Coop Extra på Skei. Det er Anne helene Halset og Elin Margrete Dyrli som har fått ei påskjønning for 30 år i Coop si teneste. I tillegg har Inger Gjeldnes Bergheim fått ei påskjønning for 25 års teneste.


Adventskalender frå sanitetsforeninga

Dordi Jorunn Halle Tysdag 20. november 2018

Todalen sanitetsforening melder at dei har fine adventskalendrar til sals. Det vil sal av kalendrane på Halsbua fredag 23. november frå kl. 11.00 til 17.00.


Basar med både søg, utmerkelsar og imponerande trimdeltakelse

Elinor Bolme Måndag 19. november 2018

I går kveld var det basarsøg i Myrvang under Idrettslaget Søya sin årlege basar. Ikkje berre hadde dei eit overlags basarbord å by på, dei hadde også utallige rundar åresalg, premiering av ivrige trimmarar og utdeling av diplom og pokal til dei yngste fotballspelarane.


Tid for adventkalender – måndag er Isak på Matkroken

Jon Olav Ørsal Sundag 18. november 2018

Måndag etter skuletid (16-18) kjem Isak Drøpping til Matkroken Todalen for å selje adventskalendere for alpingruppa i SIL. I vinter blir det KM i Sæterlia, og alpingruppa satsar maksimalt – pengane av kalendersalet går til treningsutgifter og klubbutstyr som gruppa brukar i renn.


Rekorddeltaking på historielagets bokslepp

Jon Olav Ørsal Sundag 18. november 2018

Det er heilt utruleg, sa leiar John Moe, da ha ønska over hundre deltakarar velkomne til boksleppet til Todalen historielag på Gammelfabrikken. – Det vitnar om at det er stor interesse for bygdehistoria, og at todalingane er flinke til å ta vare på historia si.


Fabian spelar med flagget på brystet!

Elinor Bolme Sundag 18. november 2018

Fabian Østigård Ness er i skrivande stund på samling på La Manga for U20 landslaget og stiller i troppen som skal spele mot Frankrike i morgon. Fabian sjølv tek det heile med ro, og ønsker ikkje så mykje publisitet rundt dette. Litt må han tåle, da det er mange som har relasjon til han også her på traktene og tykkjer dette er stas.


Vinterkickoff med supersalg

Elinor Bolme Sundag 18. november 2018

Tradisjon tru blir det eit arrangement hos Kårvatn Fjellutstyr AS før skisesongen verkeleg brakar laus. 22.-24. november inviterer dei til gigantisk vinterkickoff på låvebutikken. Her blir det salg med minimum 25% rabatt på heile butikken.


Ekstraordinært årsmøte i morgen

Elinor Bolme Sundag 18. november 2018

Surnadal Golfklubb minner om det ekstraordinære årsmøte i  klubbhuset på Mo 19. november kl 19.30.
Hovedsaken er å vedta kontingent og priser for sesongen 2019.


Strikkekaffe med gode kaker og utlodding

Dordi Jorunn Halle Laurdag 17. november 2018

Sanitetsforeninga inviterte til strikkekaffe laurdag ettermiddag. Sjølv om det er mange arrangement i bygda denne helga, var det 15 personar som kom til Sanitetshuset med handarbeid. Dei hygga seg med kaffe, gode kaker, prat og utlodding.


Søyabasar

Elinor Bolme Laurdag 17. november 2018

Idrettslaget Søya inviterer i morgon til årets basar i Myrvang frå klokka 17 og utover. Fotballgruppa benytter basaren til å dele ut diplomat til årets aktive spelarar i alle aldersbestemte klassar. Det betyr at også todalingane og ålvundfordingar er inviterte til Myrvang.  I tillegg til et bugnende basardbord blir det også utdelt premiar på dei […]


Full kontroll på julebordsmaten

Jon Olav Ørsal Fredag 16. november 2018

Kokkane ga uttrykk for at dei hadde full kontroll på julematen til laurdagskvelden store julebord i ungdomshuset. Fredag kveld vart borda dekt på, og matlaginga førebudd på beste måte. Kjøkkensjef Jon Olav Roaldset hadde god styring på matlaginga, og han har dyktige folk med seg på kjøkkenet. Har du glømt å meløde deg på så er det enno nokre plassar ledig….


Fikk fornya tillit på årsmøtet

Jon Olav Ørsal Fredag 16. november 2018

Torsdag kveld vart årsmøtet i Søya og Todalen Skytterlag avvikla på kantina på Talgø. Som venta var det ikkje noko stor forsamling, men dei var iallfall god og vel vedtaksføre, og da gikk årsmøtet fort unna. Raude tal i rekneskapet er kanskje ikkje noko godt teikn, men sjølv om rekneskapen viste ein liten minus, så er nok auke i ammunisjonslageret ei god forklaring på det.


Side 3 av 612345...Siste »