Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Basar med både søg, utmerkelsar og imponerande trimdeltakelse

Elinor Bolme Måndag 19. november 2018

I går kveld var det basarsøg i Myrvang under Idrettslaget Søya sin årlege basar. Ikkje berre hadde dei eit overlags basarbord å by på, dei hadde også utallige rundar åresalg, premiering av ivrige trimmarar og utdeling av diplom og pokal til dei yngste fotballspelarane.

Marit årets sprekaste?

IL Søya har 10 forskjellige trimpostar kor den som har flest turar gjennom trimåret får ei lita opperksomhet. Leiar i Trimgruppa Åse Nes Kvande delte ut premiane og kunne fortelje at frå og med neste år så vil alle som går på dei ulike turane bli med i trekninga om premie. 

Frå venstre Brit HAnsen, Åse Nes Kvande, Magne Hansen, Marte Nes og Marit Haugen. Til saman hadde dei fire trimmarane 718 trimturar. 1. november var nye bøker utlagt og vi reknar med at mannskapet allerede har vore å skreve namnet sitt…

  • Strengen 2616 turar; Marit Haugen 145
  • Storsetra 2370 turar; Monika Nes 163
  • Haukarberget 1674 turar; Marit Hugen 150
  • Øygardshalsen 2690 turar; Brit og Magne Hansen 169
  • Evjehaugen 663 turar; Martinus Nes 277
  • Kvennaåsen 576 turar; Marit Haugen 59
  • Mulneset 253 turar; Marte Nes 15
  • Bjønndulu 246 turar; Marte Nes 11 
  • Åsbøsnyta 796 turar; Line Nordvik 75
  • Haugasetra 103 turar; Ola Haugen 13

Pokalar til ivrige fotballspelarar

For dei aller yngste var utdeling av pokalar og diplom etter årets fotballsesong eit lite høgdepunkt. Idrettlaget har eigne knøttelag, men samarbeider med både Todalen, Kvass/Ulvungen og Surnadal i dei eldre klassane og heilt opp til seniornivå. 

Leiar i IL Søya Ann-Elin Stenberg ønska å rette ein stor takk til alle som hadde gjeve basargevinstar, teke lodd og ikkje minst tilrettelagt undervegs slik at dei til slutt kunne telje ca 40 000 kroner til inntekt til eit aktivt idrettslag. 

Under er eit lite bildegalleri frå kvelden.

Først publisert: 19. november 2018, 06:00 - Sist oppdatert: 18. november 2018, 21:57