Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juli, 2018

Vi fann 61 artiklar i dette arkivet.

Side 2 av 612345...Siste »

«Lykkestynn» i ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. juli 2018

Svanhild Husby med ensemble kjem fredag 31. august kjem til Todalen ungdomshus med sin musikalske miniturne. Etter forrige års suksess med Lykkeland er det no klart for ei ny oppsetting som får sin premiere i Sagatun 24. august. Vidare går ferda til lauvtun i Betna den 25. august og til Todalen ungdomshus den 31. august. Laurdag 1. september blir det avslutningsforestilling på Billaget på Surnadalsøra.


Travelt med leveransar til Stangvikfestivalen

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. juli 2018

Onsdag trefte vi handelsmann Nordvik som var travelt oppteken med lasting av varebilen med kurs for Stangvika. Matkroken Todalen har fått alle leveransar av matvarer til Stangvikfestivalen, både for aktivitetane i Bondehuset og til «festivalhotellet» på Årvak, der ein del av artistane bur i festivalperioden. Det er ein del av strategien til Stangvikfestivalen å bruke lokale leverandørar seier Nordvik, og siktar til at festivalen faktisk startar i Todalen torsdag kveld.


Ny jentetur, samme turmål

Elinor Bolme Onsdag 25. juli 2018

Kvinneutvalget i Surnadal jeger og fiskerforening i lag med kvinneutvalget i fylkeslaget inviterer til aktivitetshelg for jenter 11.- 12.august 2018. Dei gjentek opplegget frå i fjor, og legg turen til Jutulbu i Halsa. 


Mobiliseringsgruppene held stimen oppe

Elinor Bolme Onsdag 25. juli 2018

Måndag kveld hadde styringsgruppa i bolystprosjektet «Todalen 2022» eit evalueringsmøte etter arbeidet som starta for knappe to månadar sidan. Og dei tre karane Ragnar, Jostein og Bjørn Gunnar var godt fornøgd med utviklinga i prosjektet så langt. Styringsgruppa fekk i første omgang mandat å skaffe kapital, og saman med PT-utvalget å endre styringsform på PT-utvalget til eit grendalag.


Årets oppleving står for tur

Elinor Bolme Tysdag 24. juli 2018

Denne helga sparkar unnar og ungdommar frå heile verd i gang verdas største fotballturnering atter ein gong. Sidan 1972 har Bækkelaget FK arrangert turneringa si på Ekeberg, medrekordoppslutning på godt over 2100 lag og 6000 fotballkampar i løpet av ei veke. Hverken Todalen eller Søya stiller eigne lag i år, men det likevel fleire ungdommar frå begge klubbar representert.


Mamma Mia – for eit billettsal!

Steinar Hasselø Tysdag 24. juli 2018

Surnadal kino hadde som målsetting å nå 700 i besøk på «Mamma Mia 2». No ligg det an til enno betre tal. For det var 371 som fekk med seg «Mamma Mia – Here We Go Again» på opningshelga, og det er knapt 100 som allereie har reservert billettar til komande framsyningar.


Program for årets festival klart

Elinor Bolme Tysdag 24. juli 2018

Med 11 ulike arrangement frå torsdag til søndag er det no snart klart for ei livått helg i Stangvika (og Todalen). Åpninga skjer som nemnt i Todalen med oppsetjinga Unni Boksasp Emsemble og Opus 72017. Men festivalstyret lovar ei fullspekka helg med kulturelle variasjonar, og garantert ovasjonar.


Opus 72107, i Todalen!

Elinor Bolme Tysdag 24. juli 2018

Unni Boksasp Ensemble er kjende for å spele alt frå glade festlåtar til melankolske viser til ettertanke. Torsdag kveld står dei på scena i Todalen Ungdomshus med framføringa Opus 72107. Forhåpentleg vis framfor ein fullsett storsal.


«Hjelp og glede»- med tanke for andre!

Elinor Bolme Måndag 23. juli 2018

Elsa Kvande på Kvanne har engasjert seg for dei fattige og heimleuse i Romania. Gjennom organisasjonen «Hjelp og Glede» på Smøla har ho på eige initiativ starta ein liten avleggar her i Surnadal også det siste året. Ho samlar inn både kleder utstyr og pengar for at fattige i Propesi, Pantelimon og Heresti skal kunne få eit verdig liv bort i frå gatene.


Småviltjakt på Kårvatn

Elinor Bolme Sundag 22. juli 2018

Tida for årets jakt nærmer seg med stormskritt. Det er Surnadal Jeger og Fiskeforening som har ansvaret for småviltjakta på Kårvatn og denne vart opna for fordeling tidlegare i sommar. Her har det vore stor interesse allerede, med over 50 påmeldinger.


Nye benkar oppsette i Svinvikrunden

Dordi Jorunn Halle Laurdag 21. juli 2018

No er det oppsett nye benkar i Svinvikrunden. Det er Todalen historielag som har sett opp benkane som er ei gåve frå Talgø. Benkane er ein god, gammel modell og er gode å sitje på. Etter plana skal det også med tida bli namneskilt som fortel kva berg, brekker, svingar og vegstrekningar heiter.


Coby Omvlee- årets festivalkunstner

Elinor Bolme Torsdag 19. juli 2018

Fredag 27. juli inviterer Stangvikfestivalen til utstillingsåpning med festivalkunstner Coby Omvlee etterfulgt av en «artist talk’ sammen med kurator og kunstner Brit Dyrnes. Årets Festivalkunstner er født og oppvokst i Nederland, men flyttet til Trondheim i 1980.


Side 2 av 612345...Siste »