Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nye benkar oppsette i Svinvikrunden

Dordi Jorunn Halle Laurdag 21. juli 2018

 

Godt å kvile etter å ha gått opp Svinvikkleiva. Foto: Dordi J H

No er det oppsett nye benkar i Svinvikrunden. Det er Todalen historielag som har sett opp benkane som er ei gåve frå Talgø. Benkane er ein god, gammel modell og er gode å sitje på. Etter plana skal det også med tida bli namneskilt som fortel kva berg, brekker, svingar og vegstrekningar heiter.

Svinvikrunden er ei perle; her er det interessant veghistorie gjennom tre hundreår, spesiell vegetasjon med varmekjære lauvtre, høge, slanke toller og flott utsikt utover Todalsfjorden og innover Todalsfjella. Idyllisk stiga oppover Gammelvegen og triveleg å gå langs sjøen etter den nyaste gammelvegen.

Her er det fint å sjå utover fjorden. Bak kamera: Hans G

Frå den tredje benken er det utsikt mot Rambjøra, utover og innover fjorden. Foto: Dordi J H

I tillegg er det ein svært familievennleg tur – her kan unge og eldre, spreke og mindre spreke gå i lag.

Og så må de hugse å stemme fram Svinvikrunden i avstemminga om den beste turruta i turskiltprosjektet som Friluftsrådenes forening og Gjensidigestiftelesen har teke initiativ til. Du kan stemme fram til 31. august. Stem her!

Turruta som får flest stemmer, blir premiert. Kvar enkelt kan stemme berre ein gong på same ruta. Hundre ulike turruter er med i konkurransen. Det er fylkeskommunane gjennom Friluftsråda i lag med Gjensidigestiftelsen som er ansvarlege for Turskiltprosjektet der målet er å gjere det lettare for folk å kome seg ut på tur i nærmiljøet. Dette for å betre folkehelsa.

Mykje interessant å lese på info-tavla. Foto: Dodi J H

Fakta om Svinvikrunden:

4,6 km lang

Underlaget er asfalt 2 km, fast grus 0,6 km, god stiga 2 km.

Total stigning er 120 høgdemeter.

Turen kan gjennomførast med barnevogn.

I berget her gjekk den nyaste gammelvegen. Minert inn i berget og mura opp. Vegen var i bruk til august 2001! Svinvika i bakgrunnen. Foto: Dordi J H

Her kjørte det skulebussar, trailerar med møblar, mjølketankbilar – all trafikk til og frå Todalen gjekk langs denne smale og svingete vegen fram til Svinviktunnelen vart opna i 2001. Vi er glade for tunnelen vår! Foto: Dordi J

God tur!

 

 

Først publisert: 21. juli 2018, 18:28 - Sist oppdatert: 24. juli 2018, 18:16