Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for desember, 2017

Vi fann 65 artiklar i dette arkivet.

Side 6 av 6« Første...23456

Frakkast julgatå i bøgd’n!

Elinor Bolme Laurdag 2. desember 2017

I kveldinga var det offisiell åpning av årets julegate på Kvenndset. PT-utvalget hadde i år ny vri på julegrantenning da vinden stort sett brukar å fare stygt åt med juletreet ved butikken. Derfor hadde dei investert i lys til dekorasjon på både butikken, Hett & Svett, Talgø og midtrabatten ved bensinanlegget. I tillegg er det oppsett fire koselege nissar som helsar dei forbipasserande.


Siste strikkekafé før jul…

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. desember 2017

Til tross for at det nærmar seg travel julestrid var det bra deltaking på laurdagens strikkekafé i Sanitetshuset. Alle som har lyst kan kome og være med på strikkekafé og har du lyst kan du også ta med bundingen din eller anna handarbeid. Praten gjekk iallfall lett rundt bordet og da vi var innom var det dekking til kaffeservering og tid for ein liten kaffepause.


Bordholmen: – stor stemning med isleik…

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. desember 2017

Vi har fått ein heil serie med bilder frå aktivitetane på isen med Laila Bergli. – Det var bra med folk og god stemning, skriv ho. Temperaturen heldt seg under null, og det var fine isforhold, og det kom til og med folk «utåfrå» for å bli med på leiken. Og Julia stekte bakels slik at heile gjengen kunne kose seg i pausen..


Lysmesse og advent

Bernt I Bøe Fredag 1. desember 2017

Lysmessa hører adventstida til. Og mange konfirmantar deltek i slike gudstenester dei komande dagane.

Søndag ettermiddag kl. 16 er prost Leif Endre Grutle saman med konfirmantane i Todalen.


Ostoppele frå Jo Sverre i Todalskyrkja

Jon Olav Ørsal Fredag 1. desember 2017

Rindalingen Jo Sverre Sande, eller Jo Sverre som er artistnamnet hans, samla bra med publikum til konserten sin i Todalen kyrkje i kveld. Sammen med gitaristen Bendik Brevik fikk vi ei flott musikalsk forestilling som begeistra tilhørarane som belønna artistane med rikeleg med applaus. Jo Sverre var deltakar på låtskrivarseminaret i sommar, og ein av melodiane «Ostoppele» kom til verda under opphaldet på Todalshytta.


Side 6 av 6« Første...23456