Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lysmesse og advent

Bernt I Bøe Fredag 1. desember 2017

Lysmessa hører adventstida til. Og mange konfirmantar deltek i slike gudstenester dei komande dagane.

Søndag ettermiddag kl. 16 er prost Leif Endre Grutle saman med konfirmantane i Todalen. Same kveld kl. 19.30 kjem tidlegare prost Birger Foseide til Åsskard. Han får assistanse av Emilie, Thea, Una og Noa.

På desse gudstenestene er også mange 5-klassingar heidersgjester. Dei får overrekt kvar sin bibel i gåve frå kyrkja si. Stangvik har lysmesse onsdag 6. desember kl. 18. Her er det Vidar Wilhelmsen Rygh som gjer presteteneste.

Under mottoet «Tenn lys» er lesing av bibelens adventslovnader og bruk av den symbolrike 7-arma lysestaken sentrale ledd i lysmessene. Øvrige adventssamlingar finn ein i gudstenestelistene.

 

Først publisert: 1. desember 2017, 10:00 - Sist oppdatert: 30. november 2017, 22:43