Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juli, 2017

Vi fann 49 artiklar i dette arkivet.


Halvgått Stikk UT!-sesong

Dordi Jorunn Halle Måndag 31. juli 2017

Sommarsesongen for Stikk UT! varer frå 1. mai til og med 31. oktober så no er sesongen halvgått, og det er mange som er ute på tur! Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal har 17 medlemskommunar med i alt 194 turmål. Dei første tre månadene er det registrert 174 529 turar fordelt på 12 763 turgåarar på Stikk UT!-sidene.


Norway Cup dag 2: Jentene fortsett med seier

Elinor Bolme Måndag 31. juli 2017

Da er nok ein dag unnagjort for «våre» lag rundt om på dei ulike arenaene på Norway Cup. J13 STKU fortsett sin seiersrus og har i dag vunne 3-0 over Kvitseid. Med seier i morgon går dei direkte til A-sluttspelet. Under er resultata etter dag to, med nokre bilder frå dei ulike laga som vi […]


Snart blir det drivstoff igjen..

Jon Olav Ørsal Måndag 31. juli 2017

Feil på drivstoffpumpa på HalsOil gjorde at det måtte ein reparasjon til. Bra at reparatøren ikkje bor lenger unna enn på Røv, da ein av fyllepistolane slutta å fungere. Gunnar Ståle Røv jobbar for firmaet Lier-firmaet Wennstrom som driv med reparasjon av bl.a. drivstoffanlegg, med Midt-Norge som distrikt.


4 år sia «rasdagen» 31. juli 2013

Jon Olav Ørsal Måndag 31. juli 2017

Tida går fort – i dag er det faktisk 4 år sia det store raset gikk uti Stranda. Det isolerte bygda totalt, da det kutta både kraftlinje og veg inn til Todalen. Plutseleg var vi isolert, og vi måtte improvisere for å få ting til å fungere. Men det gikk, og det gikk bra. Sjølv om det var ferietid vart det funne løysingar på det meste, og alle la godviljen til for å finne løysingar – både i og utafor Todalen.


Norway Cup 2017; dag 1

Elinor Bolme Sundag 30. juli 2017

Som tidlegare år, er også Todalen representert med spelarar på ulike lag under årets Norway Cup. Vi har på dag 1 fått tilsendt både bilder og resultat frå fleire av dei aktuelle laga som i dag har vore i aksjon i sin 1. kamp i det innleiande gruppespelet. Vi satsar på daglege oppdateringar med både resultat og bilder, på og utanfor banen.


KBK gir tilbake

Elinor Bolme Laurdag 29. juli 2017

I dei to siste dagene har KBK-stallen med bortimot fullt støtteapparat vore i Surnadal på samling. Som eit ledd i oppkjøyringa til neste helgs storkamp mot Rosenborg, har det nyankomne tippeligalaget lånt Surnadal IL sin grasbane til trening både fredag og laurdag.


Bjønndulu og Mulneset – vel verdt eit besøk

Jon Olav Ørsal Fredag 28. juli 2017

To trimpostar som ligg nært, men som vi aldri har besøkt er Bjønndulu og Mulneset.  Da kan du kort og godt parkere ved Åsbøen, og ta føtene fatt utover til Mulneset. På turen utover passerer du Bjønndulu, og der kan du berre ta ein liten avstikkar bort til TV/bredbandsantenna som går 20-30 meter til vers, og som er lett å finne.


Pubkveld på Pakkhuset kro på Todalsøra

Jon Olav Ørsal Onsdag 26. juli 2017

Laurdag kveld, 29. juli, er det open pub på Pakkhuset kro på Todalsøra, der Synnøve Helland og Erling Halle er vertskap.  Dei byr på alle rettigheiter, og puben er open frå kl 21 og utover. Dette er ei høveleg anledning til å treffe gamle venner som er heime på ferie og alle er velkomne til […]


Ordførar Lilly Gunn inviterer til tur i strandkanten

Elinor Bolme Onsdag 26. juli 2017

Ordførar Lilly Gunn Nyheim inviterer folk i alle aldrar til å bli med ut på tur måndag 31. juli (kl. 17). Startpunkt for turen er Heggemsneset i Bøfjorden, og turmålet Kallset. Dette er ein svært familievennleg tur. Den går etter grusvegen utover, ein relativt lett trasé som vil passe både barn og vaksne. Det er også mulegheit for både rullestol og barnevogn.


Tok på dykkardrakt – fikk sjå mykje laks

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. juli 2017

Svein Håvard Brøndbo og Tommy Settem tok på seg dykkardrakt og let seg flyte med elva nedover frå Romåhølen ved Falløya. På vegen nedover gjorde dei observasjonar av laks og aure, og på denne strekninga rekna deil heile 70 laks og aure – 10 til 15  av dei kan definerast som storlaks kunne dei fortelje. 


Gamle børser bommer mest….

Jon Olav Ørsal Måndag 24. juli 2017

Ja, det får være Øystein Sundes ord, for på skytebanen i Ranheimsvingen der er det treffsikre skyttarar på standplassen. Da vi stakk innom hadde dei aller fleste gjort unna skytinga og med god resultat.  Søya og Todalen skytterlag er iallfall i full gang med skyteprøver til storviltjakta – no blir det skyting kvar måndagskveld frå kl 18 til kl 20 heilt til utangen av august.


Enda eit turtips: – Åmotan og Vangshaugen

Jon Olav Ørsal Måndag 24. juli 2017

Søndag såg ut til å bli ein grå dag – utan sol og finvêr som vi har vorte vante til dei siste dagane.  Dersom dette var havskodde, så er det sikkert fint å kome seg opp i høgda, tenkte vi og da stå valet mellom to destinasjonar – enten Fjellgardane og Vangshaugen eller Aursjøvegen. – Valet fall på Fjellgardene og dermed bar det i veg til Sunndal og oppover til Gjøra, der vi svinga av frå RV70. Til Vangshaugen er det 14 km frå krysset på Gjøra.