Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bjønndulu og Mulneset – vel verdt eit besøk

Jon Olav Ørsal Fredag 28. juli 2017

To trimpostar som ligg nært, men som vi aldri har besøkt er Bjønndulu og Mulneset.  Da kan du kort og godt parkere ved Åsbøen, og ta føtene fatt utover til Mulneset. På turen utover passerer du Bjønndulu, og der kan du berre ta ein liten avstikkar bort til TV/bredbandsantenna som går 20-30 meter til vers, og som er lett å finne.

Ved Mulnesset trefte vi ein blid trimmar – Maren Kvande noterte tur nummer 20 i trimboka til I.L. Søya. Foto: Jon Olav Ørsal

Du legg i veg frå Åsbøen og utover, og kan velge om du vil følge tømmervegen det første stykket, eller kanskje følge stien som startar frå gammelvegen på høgste punktet ved Åsbøen. Du må i begge tilfelle kome inn på stien som går utover på høgde med Bjønndulu. Vidare utover går du etter tømmervegen som startar frå Søyseth, og her er det greit skilta, og du fortsett berre utover til du kjem til skiltet til Mulneset og følgjer vegen vidare utover. Den siste biten går vegen over til sti fram til flymerket og utsiktspunktet der IL Søya har plassert ei trimbok, der du kan registrere turen. Her får du og skikkeleg belønning i utsikten både til Kvanne, utover fjorden og til Neslandet. Vi tok ein lang kaffepause ved Mulneset og kunne kontrollere avgangstida på ferga mellom Kvanne og Rykkjem på eit par av dagens turar over fjorden. På Bjønndulu er det også trimbok, der kassen er hekta fast på TV-masta og dermed lett å finne. 

Bildeglimt frå turen utover til Bjønndulu og Mulneset – alle foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 28. juli 2017, 17:24 - Sist oppdatert: 29. juli 2017, 08:59