Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for februar, 2017

Vi fann 59 artiklar i dette arkivet.



..Og hele bygda er med, på det som skal skje

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. februar 2017

Krattryddeaksjonen er i full gang – lag og organisasjonar i Todalen har gått sammen om å rydde kratt rundt vegkantane og laurdag var første dugnadsdagen. – Og dugnadsgjengen sette skikkeleg merke etter seg frå Svinviktunnelen og innover så langt dei rokk på ein dag.


Skøytedag på Bordholmen

Elinor Bolme Laurdag 11. februar 2017

I morgen mellom klokka 12 og 14 inviterer idrettslaget med skigruppa som arrangør, til skøytedag på Bordhlmen. Isen er no i tipp topp stand og i dag har det vore full aktivitet av både små og stor.


Bli med å lag eit hjerte av lerke!

Elinor Bolme Fredag 10. februar 2017

Todalen Sanitetsforenning inviterer til den uformelle aktiviteten «korleis lage enkle og dekorative lerkehjerter» førstkommende tirsdag klokken 18 i sanitetshuset. Dette er i forbindelse med fastelavn som er søndag 26. februar, og foreninga skal i år selje fastelavnshjerter med fjør i nye fargevariantar i tillegg til dei tradisjonelle risa.


Pusser opp Kaffekroken

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. februar 2017

Fredag, laurdag og søndag blir Kaffekroken på butikken stengt på grunn av arbeid med å pusse opp lokalene. Da blir møblar og anna interiør rydda ut, for at Ted & Co skal få kome til og jobbe effektivt med målararbeidet.


Kløvertur

Dordi Jorunn Halle Onsdag 8. februar 2017

Blir du med ut på tur?

Sanitetsforeninga startar opp med «Kløvertur» måndag 13. februar. Da blir det høve til å gå tur i lag med andre, få frisk luft og mosjon, prate og ha det kjekt


Skulelunch med bondelaget – Kvar kjem maten frå?

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. februar 2017

Onsdag var vi invitert til skulelunch i Todalen oppvekstsenter. Det var Todalen Bondelag som var verskap, og hadde dekt på i gymsalen for både elevar på skulen og barnehagen med både lærarar og assistentar.


Konkurrerer om urtekasse på Sommerhytta i kveld

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. februar 2017

På kveldens program fra «Sommerhytta» på TV2 blir det et innslag fra konkurransen om å lage urtekasse av MULTIstolper og terrassebord fra MøreRoyal®. Følg med på TV2 kl 19.30 så får du se resultatet….



Stem på månadens bilete for januar

Ole Petter Talgø Onsdag 8. februar 2017

Vi har komme over til ein ny månad, og det betyr første avstemning for månadens bilete i 2017. Kandidatane til månadens bilete blir plukka ut av redaksjonen blant bileta vi la ut den månaden, og deretter får lesarane våre muligheit til å stemme fram sine kandidatar i ei lita veke. Vi takkar for alle bidrag til dagens bilete gjennom heile januar! Om nokon lurar på kor det blir av resultatet av avstemninga av årets bilete 2016, så vil dette bli kunngjort på årsmøtet for Todalen.no.


Senioruniversitetet med songtime frå eldre tider

Elinor Bolme Tysdag 7. februar 2017

Indre Nordmøre senioruniversitet startar oppatt møtesesongen for 2017 no den 15.februar kl 11.
Første møtet blir ein songtime der Mads Bergs songbok er utgangspunktet. Tor Strand og Nordvald Bondhus er songleiarar.


Årsmøte i pensjonistlaget

Elinor Bolme Tysdag 7. februar 2017

Surnadal Pensjonistlag har årsmøte på Surnadal sjukeheim tirsdag 28. februar 2017 kl 1500.   1. Vanlege årsmøtesaker 2. Førstekvinne ut med minner Allsong og musikk. Servering og utlodning. Ønskjer nokon av medlemmene å ta opp ei særskild sak på årsmøtet må dette meldast til styret i god tid i førevegen, i samsvar med gjeldande retningsliner.   […]