Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for februar, 2017

Vi fann 59 artiklar i dette arkivet.



Fin og interessant trimtur

Dordi Jorunn Halle Måndag 27. februar 2017

Siste Kløverturen i februar gjekk i retteleg fint og godt ver, sol og mestå vårstemning ute i Stranda. Som vanleg var det start frå Matkroken. Deretter gjekk turen utover Todalsvegen; over Rossåbrua og langs fjorden utover til raset.


Endeleg fine forhold i lysløypa

Elinor Bolme Måndag 27. februar 2017

Mange små og store tok turen til Tjønnmyra og det fine lysløypeanlegget som no endeleg har oppkjøyrte skiløyper. Og da ikkje endeleg fordi ingen har orka å lage spor, men fordi vinterføret til dei grader har lett vente på seg.


Fotpleie for god trivsel

Jon Olav Ørsal Måndag 27. februar 2017

Trond Løfaldli har fulltids jobb med å stelle føtter. Han driv firmaet Trollheimen Klauvservice, og da er det som det ligg i namnet at det er klauvstell han driv med. Han har ein klauvboks som er tilpassa klauvstell på storfe, og her går det fort å stelle klauvene på ei ku.


I.L. Søya – kaller inn til årsmøte

Jon Olav Ørsal Måndag 27. februar 2017

I.L. Søya kaller inn til årsmøte i klubbhuset ved Søyabanen onsdag 29. mars kl 19.30. På dagsorden står vanlige årsmøtesaker og behandling av endring av lovnorm. Bla om, og les plakaten…


Filmkveld og tilbakeblikk med historielaget

Jon Olav Ørsal Måndag 27. februar 2017

Tysdag 28. februar kl 19.30 inviterer Todalen historielag til filmkveld med historisk tilbakeblikk til 1990-talet. Svein Åge Saksen har fanga inn mykje god og artig historie med sitt videokamera. No har han redigert materialet og vil vise oss ein knapp time med klipp frå 90-talet under filmkvelden i Todalen ungdomshus.


Solid overskudd og frisk nysatsning for Surnadal golfklubb

Elinor Bolme Sundag 26. februar 2017

Måndag kveld hadde Surnadal golfklubb årsmøte på Thon Hotell Vårsøg. Laget har god økonomi, og kunne legge fram eit overskot på vel 200 000. Dette til tross for at post for medlemskontigent er betydeleg redusert dette året sett opp i mot 2014 og 2015.


Blir du med ut på Kløvertur?

Dordi Jorunn Halle Sundag 26. februar 2017

Måndag 27. februar er det ny Kløvertur. Start frå Matkroken kl. 11.00. Turen denne gongen blir etter veg – frå Matkroken utover Stranda til kraftstasjonen, tilbake ned til smoltanlegget og rundt i Sissigrenda.


Fastelavn med kakao og nystekte bollar

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. februar 2017

Todalen Sanitetsforening har lang tradisjon med å markere og å feire fastelavn.  På Matkroken dukka det opp tre damer, som slett ikkje kom tomhendt. Det velkjente fastelavnsriset kom på plass og det gjorde også fastelavnhjarta som var laga av lerke. Og sjølvsagt var det servering av nystekte bollar og varm kakao til alle som var […]


Spor på Tristeinan oppkjøyrt

Elinor Bolme Laurdag 25. februar 2017

Scooterkomiteen melder no i morgontimane om at det er oppkjøyrte løyper frå Innerdalsmerket og opp til Tristeinan. I løpet av dagen vil nok også spor opp Øyalia og til skihytta bli i tipp topp stand, klare for helgeutfart. No er det også oppkjørt sport med sporleggaren nede i bygda. Frå Halsabrua, oppover mot Småland og […]


Kom og få fart på pinnane

Elinor Bolme Laurdag 25. februar 2017

I dag arrangerer Todalen Sanitetsforening strikkekaffe i Sanitetshuset igjen. Dette er ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan om du berre vil komme for eit triveleg selskap utan noko mellom hendene.


Søndag er det skileik

Elinor Bolme Fredag 24. februar 2017

Ski og friidrettsgruppa inviterer til skileik på Tjønnmyra søndag mellom 14 og 16. Siste døgn har gjeve oss godt med snø, så forholda er no topp for den som ønsker ein runde eller to i lysløypa.