Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fastelavn med kakao og nystekte bollar

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. februar 2017

Todalen Sanitetsforening har lang tradisjon med å markere og å feire fastelavn.  På Matkroken dukka det opp tre damer, som slett ikkje kom tomhendt. Det velkjente fastelavnsriset kom på plass og det gjorde også fastelavnhjarta som var laga av lerke. Og sjølvsagt var det servering av nystekte bollar og varm kakao til alle som var innom Kaffekroken.

Maren pyntar det store fastelavnhjartet. Her kan du kjøpe fjør og pynte det store hjartet – eller du kan kjøpe deg eit lite å ta med heim. Foto: Jon Olav Ørsal

I butikken var det også laga eit stort fastelavnhjarta som du kunne kjøpe fjørpynt til.  Etter kvart vart det fargerikt i rundt oss i Kaffekroken og i butikken, og det er ein fin tradisjon at saniteten markerer dagen på denne måten. Inntekta av aksjonen går både til Todalen sanitetsforening og til Norske Kvinners sanitetsforening sentralt.

Laudag  er sanitetskvinnene på plass i butikken utover heile dagen – nytt sjansen til å støtt fastelavnsaksjonen du og!

Sanitetskvinnene servert nystekte bollar og kakao til gjestane i Kaffekroken. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 25. februar 2017, 12:41