Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for januar, 2016

Vi fann 57 artiklar i dette arkivet.


Hett & svett: Stengt for rundtvask

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. januar 2016

Onsdag kveld – 6. januar – held treningssentret Hett & Svett stengt for rundtvask frå kl 18.30 og utover kvelden, melder TILs trimgruppe. Dei reknar med å bli ferdige til rundt kl 20, så etterpå blir det ope for trening igjen. – Hett & Svett held til i bygget som tidlegare var bruka til postkontor ved sida av Matkroken Todalen.


Ikkje nyttår utan …

Steinar Hasselø Måndag 4. januar 2016

TrondheimSolistene kjem til Surnadal kulturhus på fredag kl. 19 for å feire nok eit nyttår saman med nordmøringane. Kammerorkesteret har gjesta kulturhuset på Skei tolv gonger før og den årlege nyttårskonserten har vorte ein kjær tradisjon for mange på indre Nordmøre.


Bakken er snart klar for bruk, i Todalen…

Elinor Bolme Sundag 3. januar 2016

Dei lokale snøprodusentane Bergli og Ranes melder om fine forhold i akebakken på skulen no i kveld. Dei har i tråd med vêrmeldingane og muligens ved å følgje med på konkurrentane ved større anlegg, sett snøkanonen i full produksjon ved akebakken i Todalen Oppvekstsenter.


Snøproduksjon i gang i Sæterlia

Jon Olav Ørsal Sundag 3. januar 2016

Med kuldegradene kom snøproduksjon i gang i Sæterlia. No får vi håpe at det blir kuldegrader nokre dagar, slik at snøkanonane får lagt eit grunnlag for å kome i gang med skiaktivitetar etter kvart. Etter yr.no å dømme er det meldt kuldegrader i heile 10-dagersperioden, med ein topp på 11-13 kuldegrader frå onsdag til fredag. Men det er ikkje meldt nedbør i denne perioden.


Næringslivsdag 14. januar – påmeldt?

Jon Olav Ørsal Sundag 3. januar 2016

Surnadal Sparebank arrangerer næringslivsdag torsdag 14. januar i Surnadal kulturhus. Dei byr på ei rekkje interessante foredragshaldarar som bidreg til eit interessant og aktuelt program gjennom heile dagen. Den mest profilerte er nok Eva Joly, som er mest kjent for sin kamp mot korrupsjon og økonomisk kriminalitet – men vi får også høre lokale kjendisar..


Gubbetrimen startar på igjen

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. januar 2016

Gubbetrimmen er klar for 2016-sesongen alt førstkomande måndag (4.1.), med oppmøte i gymsalen i skulen kl 20.00. Gamle og nye trimmarar er velkomne til å bli med oss inn i ein ny trimsesong – som alt er på plass i aktivitetkalenderen!


60 år – og feiring med blautkake…

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. januar 2016

Per Gjeldnes – eller «Per gravar» i dagligtale – ante nok fred og ingen fare da han stakk innom Matkroken i dag. Nok feiring av 60-årsdagen hadde han ikkje lagt opp til, men Terje N. hadde ordna seg med både blautkaker og gåve. Dermed vart det feiring med kaffe og blautkake til ein fullsett kaffekrok og kanskje i overkant med styr og ståk etter jubilantens meining.


Er det din nøkkel?

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. januar 2016

Ein enkel nøkkel – med ei lite nøkkelhonk med 3 terningar er funne ved buss-skuret ved Hjellnesvegen for eit par dagar sia.  Er det din nøkkel kan du få den att ved å henvende deg i kassa på Matkroken Todalen.


Takk til deg som har besøkt oss..

Jon Olav Ørsal Fredag 1. januar 2016

Todalingar og todalvener er spredd over heile verda – i 2015 har vi hatt besøk på nettsida vår frå heile 120 land. Majoriteten kom sjølvsagt frå Norge, med 399.000 men det er også overraskande mange frå land som USA, Sverige, Tyskland og Spania. Totalt besøkstal i 2015 var 422.265 som er fordelt på over 69.000 unike brukarar. Dette er tal som vi er godt nøgd med, og utgjer ei auke på 12,2 % samanlikna med 2014.