Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Snøproduksjon i gang i Sæterlia

Jon Olav Ørsal Sundag 3. januar 2016

Med kuldegradene kom snøproduksjon i gang i Sæterlia. No får vi håpe at det blir kuldegrader nokre dagar, slik at snøkanonane får lagt eit grunnlag for å kome i gang med skiaktivitetar etter kvart. Etter yr.no å dømme er det meldt kuldegrader i heile 10-dagersperioden, med ein topp på 11-13 kuldegrader frå onsdag til fredag. Men det er ikkje meldt nedbør i denne perioden.

Sæterlia_FraØye_6134

Slik såg Sæterlia ut frå Øyabrua søndag ettermiddag – det går ikkje fort med alle monner drar! foto: Jon Olav Ørsal

Men med eit par bilder kan vi i allfall dokumentere at det arbeides med saka, – så får vi sjå om vêrgudane kan være med og bidra til eit topplag med naturleg snø etter kvart?

Publisert: 3. januar 2016, 18:01