Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for november, 2014

Vi fann 72 artiklar i dette arkivet.


Bjørn Austigard kåserer på Stangvik skule

Jon Olav Ørsal Fredag 14. november 2014

Torsdag 20. november  kl 19.15 kjem Bjørn Austigard til Stangvik skule for å kåsere. Det er Stangvik historielag som er arrangør og tama for kåseriet er «20 gjenstandar – 200 år – 1814 – 2014». Bjørn Austigard er tidlegare museumslektor og førstekonservator ved Romsdalsmuseet, nå pensjonist etter 35 år ved institusjonen. Austigard er ein populær kåsør […]


Fra Todalen til Stavanger

Mari B. Redalen Fredag 14. november 2014

Denne gangen har vi fått blogginnlegg fra Erlend Halset. Han bor i Kvernevik i Stavanger og jobber i eiendomsmeglerbransjen. Han har bodd der i flere år, og trives godt, men likevel er han ofte i Todalen tiltross for at det er tungvint å reise mellom, og blir no «Todaling» livet ut.


Til tider stillt på bibliotekkvelden

Elinor Bolme Torsdag 13. november 2014

I kveld arrangerte FAU ved Todalen Oppvekstsenter saman med biblioteket ein utvida bibliotekkveld. Mange små med følgje møtte opp og fekk både litt litteraturpåfyll, og leika litt. Det var filmframvisning av godt gammaldags eventyr med Askeladden og de gode hjelperne, fruktservering og ein god prat over ein kaffekopp for dei vaksne.


Songkveld i Stangvik kyrkje

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. november 2014

Stangvik Jentekor har fått med seg Jubilate frå Surnadal, Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor og inviterer til songkveld i Stangvik-kyrkja onsdag. Den nye salmeboka blir bruka flittig denne kvelden. Organist Bernt Gudrunson Bøe tek forsamlinga med på små visittar inn til salmistane for å avsløre ideane bak ein del nye og eldre salmar. Sceniske tips i tekstane blir også sette ut i praksis.


Infokveld om randonee på Kårvatn

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. november 2014

Onsdag kveld blir det randonee-kveld på Kårvatn i Todalen. Det er Kårvatn Fjellustyr som inviterer alle Randonee-interesserte til informasjonskveld, og målgruppa er både nye og gamle randonee-entusiastar som lurer på kva dette er for noko. – Vi har intrykk av at mange spekulerer på kva som trengs av utstyr og kva utstyret vil koste, seier Kristian Mossing som er butikksjef ved Kårvatn Fjellutstyr.


Barnas kulturhusdag

Elinor Bolme Torsdag 13. november 2014

Laurdag 15. november kl 14 arrangerer Surnadal kulturhus Barnas Kulturhusdag. Her blir det både ansiktsmaling, drama, «rock and roll», eventyrstund og filmframvisning. Dei avsluttar med kakao og boller frå den store matbutikken i Amfisentret.


Ein sesong er så vidt over før ny er under planlegging

Elinor Bolme Torsdag 13. november 2014

IL Søya hadde i går kveld halvårsmøte der godkjenning av ei fyldig årsmelding for fotballgruppa 2014, samt valg av tillitsvalte i fotballgruppa for kommande sesong sto på agendaen. Kenneth Bergstad fortsett som leiar i fotballgruppa, mens Torgeir Kvendset vart ny trenerkoordinator og styremedlem. Ellers vart Ole Gravvold valgt som ny leder i bane- og anleggsutvalget.


Søndag: Klare med bokslepp

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. november 2014

Søndag 16. november kl 14 er Todalen historielag aktuelle med bokslepp. Det skjer i Todalen ungdomshus og da er Årsskrift for 2014 klart for utdeling og sal. Årsskriftredaksjonen har jobba godt gjennom heile året og samla over 80 sider med historisk materiale mellom permane. Det er som vanleg mange varierte artiklar i heftet, og det er rikt illustrert med mange flotte bilder.


Hald 100-lappen klar!

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. november 2014

Ny utgåve av juleheftet «Jul på Nordmøre» er i sal. I år som i fjor er det «Team Bolme» – Ola og Eivind som har lagt ut på salsturne med julehefter. Dei har lasta opp sykkeltilhengaren med julehefter og ein stor plastikkbok for å ha pengar i. Så her er det berre å halde ein eller fleire 100-lappar klare, alt etter kor mang hefter du vil ha. Eivind, som er kasserar, tykte det var praktisk at prisen i år er 100 kroner, slik at han slepp å hefte kundane med veksling.


Messefall – gudstenesta søndag er avlyst

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. november 2014

Den annonserte gudstenesta i Todalen kyrkje søndag er avlyst. Utdeling av Kyrkjebok til 4-åringane kjem på neste gudsteneste.


Randokveld hos Kårvatn Fjellutstyr

Elinor Bolme Onsdag 12. november 2014

Onsdag 19. november kl 19:00 inviterer Kårvatn Fjellutstyr til rando/toppturkveld på butikken på Kårvatn. Her vil det bli gitt ein introduksjon i denne fantastiske verdenen samt å gå gjennom forskjellig utstyr og bruksområder.


Stem på månadens bilete for oktober

Ole Petter Talgø Tysdag 11. november 2014

Ny månad og ny avstemning, det er klart for å stemme fram vinnaren av månadens bilete for oktober. Sjølv om dagene blir kortare og dagslyset forsvinn før middagen har satt seg, håpar vi dykk fortsatt sender inn bilete til oss.