Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for august, 2014

Vi fann 76 artiklar i dette arkivet.


Kvendsetgarden av eldre dato

Elinor Bolme Måndag 4. august 2014

Frå Todalen Historielag sitt rikhaldige arkiv har vi i dag eit bilde frå Kvennsetgarden som er teke før 1960. Litt er likt då som no, men ein del har også forandra seg. Vegen er no lagt om, og bebyggelsen er no vorte adskillig auka.


Her er Aksel!

Jon Olav Ørsal Sundag 3. august 2014

Søndag var det sumarens siste gudsteneste i Todalen kyrkje. Denne gongen var det studentprest Jon Olav Hjelle som var vikar for soknepresten som for tida avviklar ferie. Hjelle er frå trøndelag, og held på med prestestudie  i Oslo, der han har to år att før han er ferdig utdanna prest. Under gudsteneste var det også dåpshandling […]


Startar ny sesong – første tur til Sjøasetervatnet

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. august 2014

7. august er Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag igang igjen etter ein lang sommarferie. Den første turen går til Sjøasetervatnet, der turmålet er hytta til Torild og Tor Magne Halset. På terminlista er det 10 turar på haustprogrammet, der det er turar rundt omkring i heile kommunen.


Endelig i mål etter 38 dagar på tur

Elinor Bolme Fredag 1. august 2014

I går var siste etappe endeleg ferdig for ungdomane som har gått Norge på tvers, frå Femunden til Stadt. Søsterene Ane og Erika Kårvatn og Emil Haugen Ansnes kom kl 12.18 i «mål» etter 38 dagar på tur på Kjerringa, like ved Vestkapp. Dei har heile turen oppdatert bloggen sin, og kan der berette om topp verforhold, som har gjort turen til ei kjempeoppleving. Heile 562 kilometer unnagjort på 38 dagar.