Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Endelig i mål etter 38 dagar på tur

Elinor Bolme Fredag 1. august 2014

I går var siste etappe endeleg ferdig for ungdomane som har gått Norge på tvers, frå Femunden til Stadt. Søsterene Ane og Erika Kårvatn og Emil Haugen Ansnes kom kl 12.18 i «mål» etter 38 dagar på tur på Kjerringa, like ved Vestkapp. Dei har heile turen oppdatert bloggen sin, og kan der berette om topp verforhold, som har gjort turen til ei kjempeoppleving.  Heile 562 kilometer unnagjort på 38 dagar.

Det var en usedvanlig glade og opplagte ungdommer som kom i mål ved Stadt, og som vart møtt av ein rimeleg stor mottakskomitee frå heimtraktene. Velkomstkomiten med norske flagg besto av mamma Jorid, bestemødrene Marit og Berit, mamma Kristin, Tore, Torkjel, Lars Kristoffer, Anne og Kåre Korsnes, tante Ingvild, onkel Halvor og Isak. Det vart sprett champagne i full jubel naturleg vis. Været på Stadt var ikkje av det beste, med vind og tåke.

Ved eit tilfeldig  sammentreff gjekk Tare Teksum frå Oppdal frå «Ingen grenser» inn 15 min før todalsgjengen. Han har også gått Norge på tvers etter vegen og Camilla Rambø var med han den siste etappen til Stadt. Camilla kjente naturlig vis igjen Emil, så Emil, Erika og Ane fekk snakka litt med Tare og Camilla. Les om Tare Teksum sin tur her www.tareteksum.no

Det var litt vemodig og trist at turen no er slutt for desse ungdommene, men samtidig var det nok godt å komme hjem til eiga seng og ikkje minst ein dusj, 10 dager siden sist…..No er det avslapping og venner som står på prioriteringslista for ungdomane, så bloggen er ikkje oppdatert per i dag. Men i løpet av søndagen kan det være verdt å ta turen innom den for siste innlegg: Norge på tvers 2014. Ikkje for det, den er absolutt verd et besøk ellers også. Mykje fine bilder frå 38 dagar på tur!

Kristin Kårvatn har sendt oss ein del bilder frå målgang og gjenforening med slekta. Sjå i galleriet under.

Og ein filmsnutt:Video

Publisert: 1. august 2014, 17:43