Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2013

Vi fann 71 artiklar i dette arkivet.


Ola er seniorkonsulent  – og ein av gutta!

Ola er seniorkonsulent – og ein av gutta!

Jon Olav Ørsal Sundag 31. mars 2013

Dersom interessa for traktorar er til stades, er alder inga hindring. Det er Ola Polden eit bevis på, for i ein alder av 88 er han bokstaveleg talt ”ein av gutta” på Surnadal Vidaregåandes linje for industriteknologi i vinter. Anders Ansnes Karlsen, som er klassestyrar for klasse VG2, fortel at det er god kjemi mellom elevane og ”seniorrådgjevaren”. Både Ola og elevane gler seg på praksisdagane, når han er på plass og kan ause av sin kunnskap om traktorar. For Ola har jobba eit langt liv på Eiksentret, og har har kompetanse som er gull verdt på gamle traktorar. Det Ola ikkje veit om Ferguson 35, det er det heller ikkje mange andre som veit.

Les heile saka


2. paskedag: Friluftsgudsteneste på Haugligardane

2. paskedag: Friluftsgudsteneste på Haugligardane

Jon Olav Ørsal Sundag 31. mars 2013

Friluftsgudsteneste på Haugligardane 2. påskedag er tradisjon i Todalen. Todalen sokneråd er arrangør, saman med Trimgruppa i Todalen I.L. Under årets gudsteneste skal det og være dåpshandling. Det er lille Ella Kristin Lyyli Virtanen Bruset som blir båret til dåpen under gudstenesta på Haugligardane. Friluftsgudstenesta starta kl 12.00, og det er takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.

Les heile saka

Første opningsdag i biblioteket – torsdag 11. april

Første opningsdag i biblioteket – torsdag 11. april

Jon Olav Ørsal Sundag 31. mars 2013

Bibliotekets filial i Todalen oppvekstsenter har sin første opningsdag etter påske torsdag 11. april, melder bibliotekar Karen Johanne Talgø.  da er biblioteket ope frå kl 18:00 til kl 20:00.


Still klokka i natt!

Still klokka i natt!

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. mars 2013

I natt går vi over til sammartid. Er du i tvil om kva veg klokka skal stilles så er det ein gylden regel at den både vår og haust skal stilles mot sommaren. Om våren stilles den altså fram ein time og om hausten stilles det bakover ein time. Dette fører til at neste døgn […]


Påske på sjøisen

Påske på sjøisen

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. mars 2013

Denne påska har det vore fint å drive isfiske på Todalsfjorden. Sjøisen er nok solid enno, og i det fine været er det rart at det ikkje er fleire som har latt seg friste til å ta turen ut på isen for å prøve seg på litt isfiske. Langfredag var det nokre isfiskarar ute på fjorden, som såg ut til å kose seg i det fine vêret.

Les heile saka

Langfredagstur til Snøfjellet (1330 m.o.h)

Langfredagstur til Snøfjellet (1330 m.o.h)

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. mars 2013

Langfredag nytta Ola G. Kvendset og eit par kompisar den fine dagen til ein tur til Snøfjellet. med start frå innerdalsmerket bart det til fjells via Klevhauan, Talgøsetra, Tristeinan og til Midtryggjen. Derfra forsette dei via kavin og opp ryggen til fremre toppen av Snøfjellet (1130 m.o.h). Turen gikk på ski fram til siste oppstigninga til toppen der dei bruka stegjarn for å vvære på den sikre sia.

Les heile saka

Kjerringdilt på drømmedag

Kjerringdilt på drømmedag

Tekst og foto: Sondre Halset Fredag 29. mars 2013

Vêrgudane har vist seg frå sitt beste heile påska så langt, og langfredag var slett ikkje noko unntak. Dermed var det klart for den tradisjonsrike Kjerringdilten i regi av Todalen I.L’s hyttekomite og trimgruppa i fellesskap. Sol frå klår og blå himmel og drømmeføre lokka mange todalingar og utabygdes til fjells denne dagen. Arrangementskomiteen sto klar og delte ut startnummer etter kvart som folk dukka opp, og rennsjef Ivar Helge Kvendset håpa på å få delt ut alle 100 startnumra! Startskotet for kjerringdilten gikk, og det var 55 stk som bar startnummer på brystkassen. Det var nok atskillig fleire som hadde teke turen til Skihytta, men ikkje stilte til start på Kjerringsdilten.

Les heile saka

Seterrenn med C-moment for Lisabet

Seterrenn med C-moment for Lisabet

Tekst og bilder Sverre Kjølstad Fredag 29. mars 2013

På skjærtorsdag hadde værvarslinga meldt snøbyger på formiddag, og opphold med delvis sol på ettermiddag. Det er vel sjelden at de har slik fullklaff med meldingene som denne dagen? Mens snøbygene var nokså tette i morgentimene lysnet det etter hvert, og da traktorskyssen startet kl 11.00 på tur til Nordviksetra var det opplett i skydekket, og håp om noen solstråler. Da langrennet startet tittet solen fram, og hele 44 deltakere stilte til start i kort og lang løype.

Les heile saka

Påskepub på Pakkhuset

Påskepub på Pakkhuset

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. mars 2013

Det blir i år to pubkveldar i påska, melder Pakkhuset Kro på Todalsøra. Onsdag kveld er det open pub frå kl 21 og utover.  Påskeaften er det pubkveld med påskequiz, der puben opnar kl 21, medan påskequiz startar frå kl 21.30.  Pakkhuset blir treffplassen for bygdefolk og påskegjestar!


Kjempedag i Dalalia

Kjempedag i Dalalia

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. mars 2013

Det fine påskevêret fortsett, og i dag var det ein ny fin dag i fjellet. Jo Inge Ørsal var på tur til Dalalia, og har kosa seg saman med familien. Jo Inge har sendt oss nokre bilde frå turen, som starta frå Kårvatn og gjekk oppover lia. Dette er også eit fint utgangspunkt for turen til Tydalsnebba eller Kvennåbotn, men som familietur kan du gå så langt du vil oppover lia og finne ein fin plass for både soling og skiaktivitetar.

Les heile saka

Vasslaus til 17. mai?

Vasslaus til 17. mai?

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. mars 2013

Lars Redalen har ein fast prosedyre kvar mogon. Da rullar han ut vass-slangen frå fjøset i Austigarden til fjøset i Viastua for å kople seg på vassanlegget. Det har han gjort i godt over 2 månader no, heilt sia vatnet fraus i midten av januar. Og framtidsutsikta er nok å fortsette med det, kanskje heilt til 17. mai og kanskje lenger. Det er påvist at telen enkelte plassar går meir enn 2 meter ned, og det er enno titals kuldegrader om natta.

Les heile saka