Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for november, 2012

Vi fann 62 artiklar i dette arkivet.

Side 4 av 6« Første...23456

Nytt  tak  før  vinteren

Nytt tak før vinteren

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. november 2012

I Brusetnesset blir det nytt fjøstak før vinteren sett inn. Kristen Bruset fortel at fjøset er bygd i 1918, og at det er i overkant av 300 m2 med takplater som no blir skifta ut. Det gamle taket var frå 50-talet, og det no var på tide å skifte det ut, og reknar med at […]


Stem  på  månadens  bilete  for  oktober

Stem på månadens bilete for oktober

Ole Petter Talgø Tysdag 13. november 2012

Snøen har komme og gått fleire gonger, og gitt tydelege signal om at vi er på veg inn i ei ny årstid. Vinteren står for tur, men først skal vi finne ein vinnar av månadens bilete for oktober.

Les heile saka

Kjenner  du  deg  att?

Kjenner du deg att?

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. november 2012

Dette bildet har vi fått tilsendt i ein e-post frå Ingri Bruset. Ho skriv:»Eg fann dette bilete i ein gammal album vi har arva etter Helga Gjeldnes (gift Søyseth) frå Oppistua på Gjeldnes. Har lurt på kva for eit hustak vi ser på bilete. Har hatt tankar om at det kunne væra Øya, Øyan eller Pestua? Men svaret dukka opp på baksida av bilete, da eg omsider kom på å ta det ut av albumen!

Les heile saka

Årsmøte  –  Søya  og  Todalen  skytterlag

Årsmøte – Søya og Todalen skytterlag

Jon Olav Ørsal Måndag 12. november 2012

Søya og Todalen skytterlag minner om årsmøtet  i Todalen ungdomshus onsdag 21. november kl 19.00. På saklista står vanlege årsmøtesaker, står det i ei melding frå styret.


Vel  overstått  fotballbasar

Vel overstått fotballbasar

Elinor Bolme Måndag 12. november 2012

Kjerringane kokkla og ungane sprang, to sikre tegn på ein vellukka basar då fotballgruppa i Todalen Idrettslag arrangerte sin basar i Ungdomshuset på ettermiddagen i går. Bortimot 38 000 kom inn, mykje takka eit godt førhandssalg rundt bygda og på butikken i veka før. Mange fine gjevinstar av ulik karakter både for ungar og vaksne hadde komme inn, og gevinsten som fekk mest oppmerksomhet var ei stor bormaskin.

Les heile saka

Forsvarsforeninga:  Julegudsteneste  i  Nidarosdomen

Forsvarsforeninga: Julegudsteneste i Nidarosdomen

Jon Olav Ørsal Sundag 11. november 2012

Indre Nordmøre Forsvarsforening inviterer til «Forsvarets julegudteneste i Nidarosdomen. Det skjer onsdag 19. desember kl 13.00, og det blir busskyss med start fra Surnadal kulturhus kl 09.00 denne dagen. Påmelding skjer til Olav Jostein Holten tlf 71 66 20 21.

Les heile saka

Søndag:  «Naturens  verden»  fra  Svinvika

Søndag: «Naturens verden» fra Svinvika

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. november 2012

Kvar søndag morgon kl 9,03 har NRK P1 sending av programmet «Naturens verden». Det spesielle denne gongen er at sendinga som kjem søndag 11.11. mellom anna handlar om lamer i Svinvika. Slå på radioen på P1 kl 9,03 i morgon tidleg, og bli med på besøk i Svinvika hos Sven Olav og Gunn Tove Svinvik.


HUGS:  Evaluering  av  legevaktordninga  –  Bli  med  på  spørjeundersøking

HUGS: Evaluering av legevaktordninga – Bli med på spørjeundersøking

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. november 2012

Surnadal kommune inngjekk avtale om legevaktsamarbeid i Orkdalsregionen (LIO) frå 01.01.2011. Det vart gjennomført ei spørjeundersøking etter knapt eit års drift, men svarprosenten den gongen var så låg at kommunestyret i Surnadal vedtok at det skulle gjennomførast ei ny spørjeundersøking i 2012. Den er no i gang, og det er viktig at du tek del i denne undersøkjinga. Det kan kan du gjera ved å fylle ut elektronisk spørjeskjema her, eller du kan få svarskjema på sørviskontoret på kommunehuset, på helsestasjonen, NAV og legesenteret. Svarfristen er 15. november!

Les heile saka

Bokkveld  med  Egner-jubileum

Bokkveld med Egner-jubileum

Elinor Bolme Laurdag 10. november 2012

Torsdag kveld inviterer Todalen skule, biblioteket og FAU bokkveld på biblioteket. Elevane i 5. klassen har pussa opp og ordna nynorskkrok på bilioteket. Dermed blir det offisiell opning av kroken og framsyning av animasjonsfilm denne kvelden. Det blir i tillegg utstilling av lesebøkene til Thorbjørn Egner for å martkere 100-årsjubileet.

Les heile saka

Fikk  lære  trafikkreglar

Fikk lære trafikkreglar

Britt Mossing Fredag 9. november 2012

1. og 2. klassen på Todalen og Stangvik oppvekstsenter hadde hyggeleg besøk frå politiet i dag, Dei snakka om trafikkreglar og bruk av refleks. Alle elevane fekk utdelt refleksvest slik at dei no skal bli godt synlege på mørke haustvegar. Elevane fekk ei påminning om kor viktig det er å bruke bilbelte både i buss og bil.

Les heile saka

Rindalsmessa  i  helga

Rindalsmessa i helga

Jon Olav Ørsal Fredag 9. november 2012

Det skjer i Rindalshuset, og det er opa salgsmesse både laurdag 10. og søndag 11. november. Vil du ha litt avveksling frå store kjøpesentra før «julestria» startar kan det være mykje fint å sjå og artig å oppleve med rundt 50 utstillarar fra heile distriktet her. Frå Todalen er det to utstillarar som skal ha stand der, nemleg Wenche Kvendset som stiller med mølsgraut, lefser og litt tå kvart elles. I tillegg er Bernt Jørgensen på plass med sine husflidsprodukt.

Les heile saka

12.  og  13.  januar  blir  det  NM  i  Todalen

12. og 13. januar blir det NM i Todalen

Jon Olav Ørsal Fredag 9. november 2012

Det er no klart at det blir norgesmeisterkap i randonee på Kårvatn i Todalen i januar, der Todalen idrettslag står som arrangør. Laurdag 12. januar går den individuelle konkurransen av stabelen, og søndag 13. januar er det duka for lagkonkurranse. Det skal skje i Dalalia på Kårvatn, med NM-arena på Bekkøya. Det er dei fine forholda oppover lia mot Tydalsnebba som lokkar løparane til Todalen.

Les heile saka

Side 4 av 6« Første...23456