Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kjenner du deg att?

Kjenner du deg att?

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. november 2012

Dette bildet har vi fått tilsendt i ein e-post frå Ingri Bruset. Ho skriv:»Eg fann dette bilete i ein gammal album vi har arva etter Helga Gjeldnes (gift Søyseth) frå Oppistua på Gjeldnes. Har lurt på kva for eit hustak vi ser på bilete. Har hatt tankar om at det kunne væra Øya, Øyan eller Pestua? Men svaret dukka opp på baksida av bilete, da eg omsider kom på å ta det ut av albumen!

Der står det at det er Ragnar Bruset og Edvard Nordvik på Gammelskultaket. Og da er det nok Ragnar til venstre og Edvard til høgre på bilete.»

Publisert: 13. november 2012, 00:09