Arkiv for august, 2012
Kva er dette?
Edgar Kattem har eit oppkom av gamle bilder, og i dag har Trollheimsporten publisert nok eit som er hentyda på Todalen. Dette ser vel ut som er teke på Ansnes Saga? Trollheimsporten lurar på om nokon har meri informasjon om bildet, ikkje minst angående kva som blir produset. HER finn du heile reportasjen frå Trollheimsporten. [...]
Sesongstart med “kjøtt og påsse”
Onsdag 5. september startar Eldremiddagen på ein ny haustsesong, melder “eldregeneral” Martinus Torvik. Og dei startar ikkje sesongen med nokon slankemeny, for denne dagen blir det servert “kjøtt å påsse” til hovudrett og riskrem til dessert. Det skjer i Sanitetshuset kl 13.00, med både eldrerådet, ordføraren og rådmannen er inviterte gjestar. Karen Johanne Talgø og Brit [...]
Nytt klubblokale for Start 4H
Start 4 H starta i går kveld så smått på å ordne seg sitt eige klubblokale under eit arrangert medlemsmøte i Skulstuå. Dei har fått lov til å disponere to rom i 2. etasje i Skulstuå, heilt gratis. Desse to romma har dei no tenkt å oppgradere litt, med å slå ut veggen i mellom slik at dei får eit større rom. Her er det dermed høve til laget å lagra alle materiella klubben har, både av oppgavebøker og anna relevant utstyr. Klubben har det siste året hatt fritidsklubb på bordholmen, medan alt av papirmateriale er inne i Todalen Skule.
Sykkeltrim med bakels og graut
Onsdag kveld var det nest siste sykkeltrim i TILs regi for i år. Det er Trimgruppa som har arrangert sykkeltrimmen, som har pågått i vår og i haust men som tok ferie i julimånaden. Onsdag kveld var det fleire som nytta finverskvelden til å ta seg ein sykkeltur i den fine haustkvelden, og med traktering med bakels m/graut og kaffe var det reint så triveleg på Bordholmen.
Sykkeltrim i kveld
Trimgruppa minner om sykkeltrimmen i kveld. Det er registrering på Bordholmen, men du kan sykle dit du vil og så langt som du vil! PÅ Bordholmen er det også open kiosk og salg av kaffe, bakels og andre forfriskningar. Du kan også kjøpe lodd i sykkellotteriet som blir trekt på siste sykkeltrimkvelden den 12. september. [...]
Vekas kampar
Høstsessongen i fotballverdenen er i full gang også på det lokale plan. Todalen.no kjem dermed med ei lita oversikt kvar veke over heimekampane til dei ulike laga, frå G10/J10 og til og med senior. Vi tek med både kampane som går på Bordholmen, Søyabanen, Banksletta og Ålvundfjorden. Desse ligg også ute på IL Søya sin banekalender, og er til ei kvar tid oppdatert ved omrokkeringar.
Molde vart for sterke for G19
G19 Todalen-Søya-Kvass/Ulvungen møtte sine overmenn mot Molde på kunstgrasbanen i Molde i kveld. Dei tapte 6-1 mot Molde etter at Molde leda 2-0 ved pause. Etter ein jamn 2.-omgang vart sluttresultatet heile 6-1. Laget var nok litt redusert da dei mangla fleire fast spearar som kaptein John Kjetil Gagnat i tillegg til dei langtidsskadde todalsspelarane Ola [...]
56 tok turen over fjellet
56 deltakarar starta i dag føremiddag på turen over Vardan frå Todalen til Ålvundeid. været såg slett ikkje bra ut i dag tidleg, med lavt skydekke med skodde ned til 6-700 meter og regnbyger i fjella. Men værmeldinga på yr.no var meir optimistisk, og været skulle bli betre etter kvart utover dagen. Og det slo til, for dei som gikk over fjellet kunne rapportere om fine forhold, men det var nok litt blaute myrar etter regnet som kom natt til søndag.
Fiskum Quartet & Sigrid i kyrkja
Laurdag ettermiddag hadde Fiskum Quartet konsert i Todalen kyrkja. Det var ei flott førestilling, der vi fikk servert både Haydn, Pergulesi, Handel og Shostakovich av strukekvartetten til Bjarne Fiskum. Han er rekna for å være Trondheimssolistanes far, og med seg i Todalen kyrkje hadde han surnadalingen Anders Larsen (fiolin), Kristoffer Bjerke Gjærde (bratsj), Anne Lise Fagerli (cello) og sopransolisten Sigrid Elisabeth Vetlesæter Bøe.
Søyacupen vel i hamn
Laurdag var det ein lang fotballdag på Søyabanen. Den første kampen starta kl 09.30 og sidan har det i bostaveleg forstand vore full rulle heile dagen til dei siste kampane var ferdig i 18.30-tida. Det har vore 60 lag i aksjon på Søyabanen, og dei har tilsaman spela rundt 90 kampar. Det har vore deltakarar frå heile Nordmøre og helt til Trøndelag, der iallfall Sjetnemarka og Ranheim stilte med lag.
Klart for Trollheimsmarsjen!
Da er traseen for Trollheimsmarsjen ferdigmerka både på todalssida og på Ålvundeidsida melder Dag Nikolai Gjersvoll i I.L. Ulvungen. Han rapporterer om fine forhold, og håpar sjølvsagt at det ikkje kjem regn. Han anbefaler å gå Tverrlia, da det er blaut myr rundt Litjkjerringhalsen. Postane for naturstien er også på plass, og på nedturen til Ålvundei er postane plassert mellom Vardan og Kjerringvatnet og i heistraseen i Børsetlia.
Ørjan og Brage debuterte på A-laget
I dag debuterte Ørjan Nes Haugen og Brage Hauglann Talgø på Sunndals A-lag, i 3-divisjonskampen kampen mot Larsnes/Gursken på Larsnes stadion. Sunndal vann kampen 2-1, og det meldes at dei to debutantane fekk gode skussmål for jobben dei gjorde på banen.
Søk i våre arkiv
Hvis du leiter etter noko spesielt på sida vår, kan du prøve eit søk! Skriv kva du søkjer etter, og trykk Enter.
Logg inn som redaktør



































