Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juli, 2012

Vi fann 59 artiklar i dette arkivet.

Side 5 av 512345

4H  med  overnattingstur

4H med overnattingstur

Elinor Bolme Torsdag 5. juli 2012

Alle 4H-arar inviteres med på utflukt til Vorpneset utanfor Ansneset i morgon kveld. Her blir det satt opp lavvoar, med mulegheit til overnatting for dei som har lyst til det. Start 4H held mat til kvelds og frokost. Her blir det mulegheiter for både bading, grilling og fisking. Oppmøte på Vorpneset frå 18 og utover.


Sykkeltrim  i  finvêret

Sykkeltrim i finvêret

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. juli 2012

I kveld var det siste sykkeltrim før ferien. Det var mange som nytta høvet til ein sykkeltur i det fine sommarvêret, der gradstokken til slutt hamna god over 20-talet. ved registrering på Bordholmen var det også høve til å kjøpe lodd i trimgruppas sykkellotteri, og elles var det salg av kaffe og bakels.

Les heile saka

Har  du  koppane?

Har du koppane?

Jon Olav Ørsal Tysdag 3. juli 2012

På loppemarknaden under Todalsdagen var det ein kjøpar som sikra seg 12 asjettar og 12 tefat med denne dekoren. No er ho på utkik etter koppane, for dei var ikkje å oppdrive i lag med fat og asjettar, fortel Borghild Talgø som styrte med loppemarkanden. Dersom du har koppane og kan tenkje deg å selje dem, så har altså Borghild kjøpar!

Les heile saka

Sykkeltrim  –  siste  før  ferien

Sykkeltrim – siste før ferien

Jon Olav Ørsal Måndag 2. juli 2012

Trimgruppa i Todalen i.L. melder om at siste sykkeltrim før ferien blir onsdag 4. juli. Det er som vanleg registrering frå kl 18.00. Elles kan du kjøpe lodd i sykkellotteriet, og du kan kjøpe kaffe og bakels, eller andre forfriskningar. Og sjølvsagt kan du sykle så langt som du sjølv vil etterpå. Kom og bli […]


Slunken  aktivitetskalender

Slunken aktivitetskalender

Elinor Bolme Måndag 2. juli 2012

Redaksjonen oppfordrer alle medlem av todalen.no til å sende inn arrangement til vår aktivitetskalender om de har noko de skal arrangere i løpet av sommaren. Send oss enten ein epost, ein sms eller nemn det til ein av oss ved ei høveleg anledning.


Så  måtte  det  skje….

Så måtte det skje….

Jon Olav Ørsal Måndag 2. juli 2012

Var vel egentlig forberedt på at det kom til å skje. Det var berre spørsmål om når, og det vart søndag ettermiddag da det var behov for å fylle tanken med diesel. Trefte ein utflytta todaling og fast lesar på Todalen.no ved pumpa, og da gikk pålogging med bankkort og valg av pumpe på gammel vane. Men da fyllepistol skulle velges vart det sjølvsagt feil, sjølv om fylling av diesel har gått smertefritt i to år som dieselbileigar. Etter å ha fyllt eit titals liter slo bomba ned – dette var feil, for det var grøn pistol med teksta 95 oktan på. Bensin!

Les heile saka

Lyst  på  cruise…

Lyst på cruise…

Elinor Bolme Måndag 2. juli 2012

…men tykkjer det blir i drøyaste laget med eit i middelhavet? Då er det godt vi har oppfinnsame halsalendingar, som arrangerer sitt eige fergecruise på Halsafjorden. Her blir det ein heilaften med musikk, 8 rettar tapas, god drikke og ikkje minst fin utsikt å by på. Det heile skjer den 25. august, og billettsalget har allerede starta på to plassar i Halsa kommune.

Les heile saka

God  sommar!

God sommar!

Elinor Bolme Måndag 2. juli 2012

Dette ønskes frå alle hos Kombi Regnskap og Økonomi AS, som er eit av våre medlem her på todalen.no. Som de ser av bilda under sitt dei ikkje i ro heile tida. Vi i redaksjonen takkar for helsinga, og ikkje minst for at de vil vere medlemmer her hos oss!!! Skulle nokon ha behov for hjelp frå dei, finn […]

Les heile saka

Vandrehjerte  2012

Vandrehjerte 2012

Elinor Bolme Sundag 1. juli 2012

Som de fleste kanskje har fått med seg blir det også i år arrangert Vandrefestival, denne gong med hovedbase i Rindal. I den anledning har også todalen.no motteke ein liten tilstandsrapport frå eit av arrangementa. Det er frå Svanhild Husby og Silje Ranes som har satt opp barneforestillinga «Vandrehjerte», med premiere ved Igeltjønna fredag 3. august kl 18. Dei har fått med seg ungar frå Surnadal, Rindal og Halsa i oppsettninga, og 1. øving er allerede unnagjort.

Les heile saka

Artigt  for  dei  yngste

Artigt for dei yngste

Elinor Bolme Sundag 1. juli 2012

Line Marie Kvendset har sendt oss ein epost frå sidelinja under Todalsdagen. Ho skriv: «Martin, Silje, Karoline, Maren, Edel Therese, Van Adrian, Johan, Ingebrigt og Håkon, med god assistanse frå Henrik og Aron, gjorde ein strålande innsats for laget sitt under Todalsdagen. Alle gjekk heldigvis skadefri frå kampane, men fekk anmerkning frå dommar Nils Ove Bruset ved pause at fleire mangla leggskinn

Les heile saka

Fotballheltane  på  Bordholmen

Fotballheltane på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Sundag 1. juli 2012

I samarbeid med Todalshelga og arrangører Todalen Idrettslag har vi laga eit bildegalleri med lagbilder frå fotballturneringa. Vi er imponert over innsatsen til dei mange laga og det var artig å sjå korleis ongane kosa seg med fotball og anna leik gjennom ein lang dag på Bordholmen. Ein blir ikkje mindre imponert når ein ser at dei også brukar pausen mellom kampane til å sparke fotball. Det må kunne kallast ein dag med non stop fotball!

Les heile saka

Side 5 av 512345