Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2012

Vi fann 69 artiklar i dette arkivet.

Side 6 av 6« Første...23456

Åpent  demensmøte  9.  mai

Åpent demensmøte 9. mai

Jon Olav Ørsal Fredag 4. mai 2012

Onsdag 9. mai kl 19.00 inviterer Surnadal demensforening og helselag til ope møte om demens på kantina på Surnadal vidaregåande skule, fortel ledar Liv Botten til Todalen.no. Da kjem skodespelaren Monna Tandberg på besøk for å ha ein samtale med møtelyden om det å leve saman med ein person som har fått diagnosen demmens. Bakgrunnen for det er at sambuaren hennar Lars Andreas Larsen har fått Alzheimer, og ho vel gjerne dele av erfaringane ho har gjort.

Les heile saka

10.  mai  –  verdas  aktivitetsdag  i  Svinvika

10. mai – verdas aktivitetsdag i Svinvika

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. mai 2012

Det er Verdas helseorganisasjon som kvart år tek initiativet til Verdas aktivitetsdag som arrangerast over heile verda den 10. mai. I Surnadal er det Stavganggruppa i Surnadal pensjonistforening som sparkar i gang arrangement i samarbeid med Surnadal demensforening og helselag og Norsk Vandrefestival. Under mottoet ”Alle skal ut på tur, uansett alder og form. Alle har ei rolle og alle skal med” inviterer dei alle sine medlemar og andre til Svinviks arboret torsdag 10. mai, der programmet startar kl 13.00.

Les heile saka

HAMOS  beklager

HAMOS beklager

Elinor Bolme Torsdag 3. mai 2012

Karin Helen Halle har vidaresendt oss ein epost frå Torstein Grønningen i HAMOS til Surnadal kommune angåande litt kluss i tømminga denne veka. Som dei fleste fekk med seg kom ikkje søppelbilen som annonsert i aktivitetskalenderen i går. Dette fordi det er nokre innklemte rauddagar som lagar litt krøll.

Grønningen skriv: Her kommer litt informasjon om feil i tilsendte tømmekalendere for Surnadal. Dette gjelder dersom noen ringer og har spørsmål. Vi beklager feilen som har oppstått.

Les heile saka

Foballane  rullar  for  fullt!

Foballane rullar for fullt!

Elinor Bolme Torsdag 3. mai 2012

Også i aldersbestemte klassar har fotballsesongen med seriespel starta. I går kveld hadde både G12 og J12 kamp på Søyabanen. J12 Søya/Todalen møtet Kvass/Ulvungen på gras, medan G12 Søya/ møtte Straumsnes på kunstgras. Jentene vann heile 8-1, medan gutane også berga sigeren med 13-5 slik ca. Samtidig hadde G10 og J10 trening på grasbanen. Med andre ord full rulle for dei fleste som driv med fotball no utover. For å halda styr på alle desse laga, treningane og kampane, har Søya IL sin banekalender vorte eit kjærkomment verktøy for å handtere dette. Her finn ein oversikt over alt som foregår på Todalen og Søya sine samarbeidslag frå knøtt til seniorfotball, fordelt på dei ulike stadionane. Den finn du naturleg vis også her på todalen.no oppe til høgre.

Les heile saka

Uavgjort  i  lokaloppgjøret

Uavgjort i lokaloppgjøret

Elinor Bolme Torsdag 3. mai 2012

Onsdag kveld var det lokaloppgjør av beste sort på Bordholme. Då møttest Todalen/Kvass/Ulvungen/Søya og Surnadal i seiekamp for G19 klassen. Det var ein forholdsvis jamnspela kamp, der begge laga dominerte i kvar sine periodar. Stillinga etter første omgang vart 1-1, med målscorarar Andreas Dalsegg Sæther på 0-1 og Fredrikk Aasprong på 1-1. Dette held seg til dommaren bles av etter neste 45 minutt. Begge lag hadde sjansar til å avgjerde til sin fordel, der blandt anna keeper for heimelaget hadde ei fantastisk redning mot slutten.

Les heile saka

Snart  klart  for  opning  i  arboretet

Snart klart for opning i arboretet

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. mai 2012

Laurdag 12. mai er det sesongopning av Svinviks arboret. Onsdag kveld arrangerte arboretet dugnad i lag med Surnadal hagelag for å ta den siste vårpussen før anlegget blir opna for publikum om halvanna veke. Og opninga ser ut til å være godt planlagt i høve starten på blomstringa i år. Det står no Rododendronbusker fulle […]

Les heile saka

Heimebaksten  går  unna…

Heimebaksten går unna…

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. mai 2012

På tur nedover Lykkjebygda fikk vi ideen om å stikke innom MP’s Heimebakeri. Det er Martinus Peder Haugen som driv eit lite bakeriet som er lokalisert til det gamle fjøset i Ytre Lia, der han produserer storbrød, formkaker, knekkebrød, påleggssalatar og mølsgraut. Og varene går unna, blant anna på Mega og Kiwi i Surnadal, på torvet i Kristiansund og hos Joker på Kvanne.

Les heile saka

Eksosrype  for  ein  dag!

Eksosrype for ein dag!

Elinor Bolme Tysdag 1. mai 2012

1. mai og saulamming blir ofte omtala som «Vårens vakraste eventyr». Underteikna har ikkje delteke på saulamming i år, men fekk i dag være med mannen på motorsykkeltur. Og 1. mai er som kjent ein merkedag for motorsykkelentusiastar i heile landet. I vårt område går den tradisjonelle turen rundt Trollheimen. For oss betydde det samling på Skei på føremiddagen for dei med tilhald fra Surnadal og Halsa, for så å bevege seg nordover om Storås, Berkåk, Oppdal og ned att om Sunndalen for å ta ferga over fra Rykkjem til Kvanne.

Les heile saka

Onsdag:  Dugnad  i  arboretet

Onsdag: Dugnad i arboretet

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. mai 2012

Onsdag 2. mai kl 18.00 er det dugnad i Svinviks arboret. Det er arboretet som arrangerer dugnaden i samarbeidt med hagelaga, og det er førebuing til sesongopning av arboretet som står på programmet. Dei oppfordrar folk til å ta med høveleg reiskap og kome på dugnad. Arboretet har sesongopning 12. mai. Sjå heimesida til Svinviks […]


Side 6 av 6« Første...23456