Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
10. mai – verdas aktivitetsdag i Svinvika

10. mai – verdas aktivitetsdag i Svinvika

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. mai 2012
Det er Verdas helseorganisasjon som kvart år tek initiativet til Verdas aktivitetsdag som arrangerast over heile verda den 10. mai. I Surnadal er det Stavganggruppa i Surnadal pensjonistforening som sparkar i gang arrangement i samarbeid med Surnadal demensforening og helselag og Norsk Vandrefestival. Under mottoet  ”Alle skal ut på tur, uansett alder og form. Alle har ei rolle og alle skal med” inviterer dei alle sine medlemar og andre til Svinviks arboret torsdag 10. mai, der programmet startar kl 13.00.

Frå arboretet er det lagt opp til 3 turalternativ, alt etter form og lyst. Den mest krevjande turen går opp gjennom Kleiva og rundt etter gammalvegen og attende til arboretet, og er ein tur på rundt 3-4 kilometer. Eit anna alternativ er å gå innover etter gammalvegen langs med sjøen og retur til arboretet og det tredje alternativet er å ta en tur rundt i arboretet.  Etterpå er det samling i arboretet, der det blir servert kaffe med graut og bakels, og det blir eit lite underhaldningsinnslag med Monna Tandberg som gjestar Surnadal demensforening og helselag denne dagen.

Stavganggruppa har sia 2008 arrangert vandreturar for sine medlemar. Martinus Torvik fortel at dei har rundt 20 turarrangement kvart år, og at dei legg opp turar rundt omkring i heile kommunen og i nabokommunane Rindal og Halsa. Dei har deltakarar frå 70-årsalderen om oppover til godt og vel 90 på desse turane. Torvik presiserer at det er viktig med aktivitet, og oppfordrar alle sine medlemar og andre som har lyst til å bli med på arrangementet i Svinvika 10. mai.

Liv Botten i Surnadal demensforening og helselag oppfordrar også folk til å kome seg ut av ”godstolen”  og ut på tur. Ho tykkjer dette er ei høveleg anledning til å promotere helsearbeidet som laget driv og seier at dette kanskje kan bli starten på ein aktiv tursommar for mange. Ho set spesielt pris på at Monna Tandberg tek seg tid til å væra med og kaste glans over arrangementet i Svinviks arboret.

Den tredje aktøren i arrangementet er Norsk Vandrefestival. Dei skal arrangere årets vandrefestival 3.-5. august, og Bodil Gjeldnes ser på dette arrangementet som ein liten tjuvstart på Vandrefestivalen. Vandrefestivalen skal også samarbeide med Stavganggruppa om eit arrangement i Rindal seinare under årets festival, der dei til saman vil tilby over 30 turalternativ i alle prestasjonsnivå.

Publisert: 3. mai 2012, 19:59