Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2012

Vi fann 69 artiklar i dette arkivet.

Side 5 av 6« Første...23456

Historisk  vandring  på  Kvanne

Historisk vandring på Kvanne

Jon Olav Ørsal Torsdag 10. mai 2012

Stangvik historielag vil gjenta suksessen med kulturvandirng på Kvanne. Etter utallige oppfordringar om reprise på vandringa, blir det ei ny vandring laurdag 12. mai kl. 1200. Alle som vil delta kan møte ved Jokerbutikken. Magne Hansen er guide, og etter vandringa blir det ei enkel servering.


Stem  på  månadens  bilete  for  april

Stem på månadens bilete for april

Ole Petter Talgø Torsdag 10. mai 2012

Igjen er det tid for å kåre månadens bilete. April var forhåpentlegvis siste månad før sommaren med store snøfall, og sola har no begynt å gi vårlege temperaturar. Dette gav oss både vinterlege og vårlege bilete i april.

Les heile saka

Ikke  størrelsen  som  teller…

Ikke størrelsen som teller…

Jon Olav Ørsal Onsdag 9. mai 2012

«Som kjent er det ikke størrelsen som teller i alle sammenhenger», skriver Knut Haugen på nettsida til I.L. Søya. «Kanskje har det en viss betydning når det gjelder fotballtribuner, men på tribunen skal det også være trivelig og fint – og ikke minst skal den ha en «sjel». Vår påstand er at Søya ved «Banksletta» har Nordmøres beste fotballtribune – riktignok med bare 16 sitteplasser. Såvidt vi vet verdens minste sittetribune med tak!»

Les heile saka

Ny  turisthytte  i  Naustådalen

Ny turisthytte i Naustådalen

Jon Olav Ørsal Onsdag 9. mai 2012

Trondhjems Turistforening har søkt om løyve til å sette opp ny turisthytte i Naustådalen. Den skal erstatte den gamle naudbua som står innafor Naustådalsvatnet, og som da er tenkt skal rives. Verneområdestyret har på møte den 7. mai imøtekome søknaden, men på visse vilkår. Mellom anna skal tak og veggar være av tre eller stein og […]


Laurdag:  Sesongopning  i  arboretet

Laurdag: Sesongopning i arboretet

Jon Olav Ørsal Tysdag 8. mai 2012

Laurdag 12. mai er det klart for sesongopning i Svinviks arboret. I arboretet er allereie rododendronblomstringa så smått igang, men den kalde våren har gjort sitt til at blomstringa har bremsa opp litt og er godt «timet» med sesongopninga, fortel Ola Bruset som er vaktmester i arboretet. Bruset fortel at det no er rydda og klart til å ta imot publikum frå både fjern og nær.

Les heile saka

Fisket  i  Toåa  –  Ola  Bruset  ny  ledar

Fisket i Toåa – Ola Bruset ny ledar

Jon Olav Ørsal Måndag 7. mai 2012

På årsmøte i Todalen elveeigarlag vart Ola Bruset valgt til ny ledar i laget. Med seg i styret har han Gudmund Hyldbakk som kasserar, Asbjørn Karlsen som sekretær og Ståle Ansnes og Anders Talgø som styremedlemar. Han fortel at det i år er same fangstperiode som i 2011 i Toåa. Fisket etter laks og sjøørret startar 15. juni og varer fram til 15. august. Men laget er i år pålagt å gjera ei vurdering av fisket midt i sesongen, på grunn av den kritiske situasjonen for villaksen. Dette vart også gjort for eit par år sia.

Les heile saka

Overnattingstur  på  Gunnøya

Overnattingstur på Gunnøya

Marte Talgø Sundag 6. mai 2012

Fredag 4.mai var det den offisielle 4H-dagen. Og 4H Norge oppfordret 4H-ere til å sove ute denne natta. Start 4H bestemte derfor å ha overnattingstur på Gunnøya.

Les heile saka

Kald  maimånad?

Kald maimånad?

Jon Olav Ørsal Sundag 6. mai 2012

Vi er enno i startfasa på maimånaden, men det tyder på at det blir ein kald månad. Det har vært frost både i natt og i gårnatt, og langtidsvarslet på yr.no tyder på at det blir kaldt i fortsettinga også. Jon Bruset har registrert minimums- og maksimumstemperaturar på Småhjellan, og har sjekka stoda frå mai 1990 og fram til no. Han fortel at for omtrent halvparten av åra har det ikkje vært minusgrader i mai. Det «værste» året var 1995 med 9 frostnetter.

Les heile saka

Krigsminnesamlinga  held  dugnad

Krigsminnesamlinga held dugnad

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. mai 2012

Fredag 11. mai kl 10-16 arrangerer Indre Nordmøre forsvarsforening dugnad på Krigsminnesamlinga på Åsen. Aktuelle gjøremål er reihald, måling og rydding, melder Olav Jostein Holten.  Seinare i vår, nærare bestemt laurdag 26. mai kl 12-16 vil foreninga arrangere «Open dag» på krisgsminnesamlinga i Eidet gamle skule. Da blir det omvisning og salg av grillmat og […]


Stavgang  til  Sagatun

Stavgang til Sagatun

Vidar Sogge Laurdag 5. mai 2012

Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag møttest siste veka ved grendahuset Sagatun i Øvre Surnadal. Dei fleste la turen til skogsvegen opp frå Utigard Skjermo, medan andre gjekk til Mo kyrkje.

Les heile saka

Halsa  tok  3  poeng  på  Bordholmen!

Halsa tok 3 poeng på Bordholmen!

Jon Olav Ørsal Fredag 4. mai 2012

Seriekampen mellom Todalen/Søya og Halsa/Valsøyfjord vart ein kald fornøyelse i knappe 5 varmegrader og kald vind på Bordholmen fredag kveld. I ein elles jamn kamp vart Halsa/Valsøyfjord litt for drøy kost for Todalen/Søyas A-lag,  der sluttresultatet vart 0-2 . Etter ein mållaus førsteomgang, tok Halsa leiinga litt ut i andreomgangen, og la på til 0-2 på […]

Les heile saka

A-lagskamp  i  kveld

A-lagskamp i kveld

Elinor Bolme Fredag 4. mai 2012

I kveld møter Søya/Todalen sitt A-lag Halsa/Valsøyfjord til lokaloppgjør på Bordholmen stadion Det er nokre år sidan sist det har vore spela A-lagsfotball her no, så dette er ein kamp det kan væra verd å få med seg.

Les heile saka

Side 5 av 6« Første...23456