Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stavgang til Sagatun

Stavgang til Sagatun

Vidar Sogge Laurdag 5. mai 2012

Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag møttest siste veka ved grendahuset Sagatun i Øvre Surnadal. Dei fleste la turen til skogsvegen opp frå Utigard Skjermo, medan andre gjekk til Mo kyrkje.
Komande torsdag går turen til Svinviks Arboret. Denne gongen samarbeider vi med Norsk Vandrefestival og Surnadal demensforening og helselag, og saman skal vi markere ”Verdens aktivitetsdag”. Ta som vanleg med niste og drikke, og i tillegg blir det servert graut og bakels. Vi vil og få eit kulturelt innslag ved Monna Tandberg. Alle er velkomne.

Her finn du bilder frå turen i eit lite galleri. Foto: Vidar Sogge

Publisert: 5. mai 2012, 07:06