Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fisket i Toåa – Ola Bruset ny ledar

Fisket i Toåa – Ola Bruset ny ledar

Jon Olav Ørsal Måndag 7. mai 2012

På årsmøte i Todalen elveeigarlag vart Ola Bruset valgt til ny ledar i laget. Med seg i styret har han Gudmund Hyldbakk som kasserar, Asbjørn Karlsen som sekretær og Ståle Ansnes og Anders Talgø som styremedlemar. Han fortel at det i år er same fangstperiode som i 2011 i Toåa. Fisket etter laks og sjøørret startar 15. juni og varer fram til 15. august. Men laget er i år pålagt å gjera ei vurdering av fisket midt i sesongen, på grunn av den kritiske situasjonen for villaksen. Dette vart også gjort for eit par år sia.

Ola Bruset fortel elles at elvaeigarlagt i år har rimeleg store forventningar til gjenfangst av laks etter smolt og yngel som er sett ut frå 2008 og framover. Disse burde no «ta på heimveg» etter fleire år i havet.  I disse dager settes det også ut ei ny forsyning med smolt og yngel frå Rossåa Settefisk for å oppfylle konsesjonskrava som TrønderEnergi er pålagt i forbindelse med Driva-utbygginga.

Laget arbeider no med å oppdatere nettsida www.todalslaks.no, med årvisse justeringar. Mellom anna er det justering på fiskbar elvestrening, der «Steinutgarden» og den siste biten frå Gammelfabrikken og opp til Storfossen no blir blir privat elv.

Publisert: 7. mai 2012, 22:08