Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juli, 2011

Vi fann 52 artiklar i dette arkivet.

Side 1 av 512345

Saknar sykkelen sin

Saknar sykkelen sin

Jon Olav Ørsal Søndag 31. juli 2011

Ingrid Bergå saknar sykkelen sin etter pubkvelden for 2 veker sia. Det er ein plommefarga damesykkel som stod i garasjen, og som kom bort i løpet av natt til søndag. mest sannsynleg trur ho det er ein pubgjest på veg heim som er syndaren, men tykkjer det er utruleg frekt å gå inn i garasjen til folk for å ta seg ein sykkel.

Les heile saka

Bare Egil Band til Surnadal

Bare Egil Band til Surnadal

Elinor Bolme Søndag 31. juli 2011

Fredag 26. august kjem einmannsbandet Bare Egil Band til Surnadal kulturhus for ein av 12 spesialkonserter. I den anledning etterlyses det etter ein person som kunne tenkt seg å opptre med Egil på scena. Konserten skal filmast, fordi NRK skal laga ein dokumentar rundt den planlagte turneen.

Les heile saka

Ola Inge Drøpping vann Nordmarkstråkket

Ola Inge Drøpping vann Nordmarkstråkket

Jon Olav Ørsal Lørdag 30. juli 2011

Det var ikkje uventa at Drøpping gikk til topps i Nordmarkstråkket, men det var spenning heilt til mål da Kjetil Bolme, Are Siljan Børset, Arne Reiten og Benny Øverli utgjorde tetgruppa i sykkelrittet. Det var 98 syklistar som stilte til start i konkurranseklassen, og i tillegg var det mange trimmarar som tok turen over marka. Det var fint sykkelvêr, med overskya og høveleg temperatur. Det var det nok mange som sette pris på i bratta opp frå Dalsegg og opp på Nordmarka.

Les heile saka

Klare for Norway Cup

Klare for Norway Cup

Elinor Bolme Fredag 29. juli 2011

Søndag startar Norway Cup, verdas største fotballturnering, og i år stiller Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen med to lag; eit G14 og eit G16. Ellers stiller Kvass/Ulvungen med eige J14 lag, og eit i samarbeid med Surnadal i klassen J16. Grundige forberedelsar er gjort, både spelemessig og i støtteaparatet i rundt. Lagledelsen har ordna i stand eit infohefte for alle involverte, slik at spelarar, trenarar og føresatte skal få ei best mogleg oppleving av arrangementet.

Les heile saka

Ekstra oppskytarkveld

Ekstra oppskytarkveld

Jon Olav Ørsal Torsdag 28. juli 2011

Søya og Todalen skyttarlag avlyste oppskytinga sist måndag på grunn av den grusame handlinga i Oslo og på Utøya siste veke. Neste veke vert det imidlertid to skytekveldar, måndag (1.8)  og onsdag (3.8), med same tid 18-20 begge kveldane. Ledar i skyttarlaget, John Moe, fortel at dei no er i full gang med oppskytinga og […]


Røyrlegging

Røyrlegging

Elinor Bolme Torsdag 28. juli 2011

Ved Skukkulbrekkå har det vore gravarbeid dei siste dagane. Der har mannskap vore å forberedt at telefonledningen som i eit pa tiår har vore oppe i dagslyset (les: delvis i trea), no skal treast i røyr. Manskapet todalen.no tala med pressiserte at dei kun hadde med røyrlegginga å gjere, og ikkje treing av kabelen.

Les heile saka

Ferske reker på Pakkhuset…

Ferske reker på Pakkhuset…

Jon Olav Ørsal Torsdag 28. juli 2011

Laurdag (30.7.) blir det ferske reker på Pakkhuset, fortel Synnøve Helland på telefon til Todalen.no. Eller kanskje du heller vil ha speketallerken med Synnøves potetsalat til? Valget er ditt!  Serveringa startar frå  kl 21 og utover. Ta turen til Todalsøra og Pakkhuset til ein triveleg krokveld!


Starta andreslåtten

Starta andreslåtten

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. juli 2011

Todalen samdrift starta andreslåtten i dag. Det gjelder å nytte finvêret sier Ståle Ansnes som er ein av drivarane ved samdrifta. Han fortel at graset er kome langt nok, men at avlinga er berre «midt i laget». Yr.no melder bra vêr til og med laurdag, men i neste veke er det meir utrygt.

Les heile saka

Museumsdag med Åsens venner

Museumsdag med Åsens venner

Jon Olav Ørsal Tirsdag 26. juli 2011

Søndag 31. juli er alle velkomne til museumssøndag på Åsen Bygdemuseum. Denne gongen er det Åsens Venner, museet sitt venelag, som står for arrangementet. Klokka 13 vil det bli ei orientering om venelagets arbeid med utmarksløa som vart teke ned frå si opprinnelege plassering ved Grytvatnet og sett opp igjen nord for museumstunet i 2008. Det vert ei samling på museet før ein i samla flokk går og ser på løa. Vegstrekninga frå museet til løa er levningar av Den Trondhjemske Postveg som vart etablert i 1787, denne skal ha gått gjennom tunet på Åsen. Ellest kan du vere med på natursti, sjå deg om i utstillingane, og ha ei triveleg stund med kaffe og bakels.

Les heile saka

Balldag – eller pizza og smårettar

Balldag – eller pizza og smårettar

Jon Olav Ørsal Tirsdag 26. juli 2011

På Todalshytta er det balldag i dag. Da serveres potetball med tilbehør frå kl 14 og utover til kl 18. Dette er eit populært tiltak og vertinne Åse Øyen fortel at det i sommar har vore mange som har nytta høvet til å få seg eit ballmål. Onsdag kveld arrangerer Todalshytta pizza- og smårettkveld frå kl 18 og utover. Da kan du velge mellom pizza, fleire typar salatar eller bakte poteter i fleire variantar.

Les heile saka

Stor oppslutning om toget

Stor oppslutning om toget

Ole Petter Talgø Mandag 25. juli 2011

Mandag kveld ble det arrangert fakkel- og rosetog over hele Norge, også i Surnadal. Alle de politiske partiene stod sammen om arrangementet, og til tross for til dels kraftig regn hadde mange hundre møtt opp, også mange todalinger.

Les heile saka

Tente lys i kyrkja

Tente lys i kyrkja

Jon Olav Ørsal Mandag 25. juli 2011

Det var mange som måndag ettermiddag og kveld nytta høvet til å stikke innom kyrkja for å tenne lys til minne om omkomne og skadde frå den grufulle handlinga i regjeringskvartalet i Oslo og på AUF-leiren på Utøya. Soknerådet hadde opna dørene i kyrkja for dei som ville tenne lys eller ha nokon å snakke […]


Side 1 av 512345