Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Balldag – eller pizza og smårettar

Balldag – eller pizza og smårettar

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. juli 2011

På Todalshytta er det balldag i dag. Da serveres potetball med tilbehør frå kl 14 og utover til kl 18. Dette er eit populært tiltak og vertinne Åse Øyen fortel at det i sommar har vore mange som har nytta høvet til å få seg eit ballmål. Onsdag kveld arrangerer Todalshytta pizza- og smårettkveld frå kl 18 og utover. Da kan du velge mellom pizza, fleire typar salatar eller bakte poteter i fleire variantar.

Åse fortel vidare at besøket på Todalshytta i år har ligge litt over fjoråret, og er godt nøgd med det når ho tek været i betrakning. Laksefiskarane i Toåa har nok kompensert for fjellturistane som i år har vore hindra av mykje regnvær, så alt i alt ligg antal overnattingar litt over fjoråret.

Først publisert: 26. juli 2011, 06:00 - Sist oppdatert: 25. juli 2011, 19:50