Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7202 artiklar i dette arkivet.


Deltakarlista for fotballen er klar

Deltakarlista for fotballen er klar

Jon Olav Ørsal Fredag 4. februar 2011

Nordmøre og Romsdal fotballkrets har lista for påmeldte lag til ungdoms- og vaksenfotballen klart. Den gjeld aldersbestemte klassar frå 13 år og oppover, samt dei andre divisjonane i kretsen. Her kan du laste ned lista som PDF-dokument.

Les heile saka

Skaut jerv på Hjellnessetra

Skaut jerv på Hjellnessetra

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. februar 2011

Torsdag var det eit nytt jervfall i Todalen. Det var Nils Gjeldnes som fikk ein hannjerv på kornet da han satt på post i jaktbua si ved åta på Hjellnessetra. Jerven var 13,1 kg, og altså eit hanndyr. Det er no to år sia sist han skaut jerv på same plassen. Til åte brukar han no fallhjort, som han hadde fått frå ein viltpåkjørsel på Kvanne.

Les heile saka

Barn i løypa er avlyst i kveld

Barn i løypa er avlyst i kveld

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. februar 2011

Mykje is og vatn i løypa gjer det umuleg å arrangere «Barn i løypa» i kveld, fortel Frode Grønmyr i skigruppa. Dersom det blir meir snø i løpet av komande veke vil ein prøve på nytt neste torsdag.


Talgø søker grafisk formgiver

Talgø søker grafisk formgiver

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. februar 2011

Talgøkonsernet har opplevd en sterk vekst de siste årene, og spesielt siste året har salgstallene skutt til værs. Talgø Møbelfabrikk, MøreTre og T-komponent oppnådde en samlet omsetning på 358 mill. i 2010, som er en økning på hele 25% fra året før. Nå skal  staben ved bedriftens marketingavdeling styrkes med en grafisk formgiver. Søknadsfristen er […]


Havna i grøfta

Havna i grøfta

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. februar 2011

Etter vêromslaget og litt lågare temperatur i dag vart vegane uventa glatt. Dette i kombinasjon med at mildværet dei siste dagane, har gjort at det er lite hald i vegkantane og derfor lett å havne utfor vegen. I løpet av tysdagen var det tre bilar som var utom kanten på Kvennset. To personbilar kom seg på rettkjøl med litt handmakt. Ein semitrailer […]


Vaktmeister/vedlikehaldsarbeidar grøntanlegg

Vaktmeister/vedlikehaldsarbeidar grøntanlegg

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. februar 2011

Surnadal kommune lyser ut ei nyoppretta stilling som «Vaktmeister/vedlikehaldsarbeidar med hovudansvar retta mot grøntanlegg» på nettsida si og i avisene. Etter som vi forstår er vedlikehaldet av anlegget til Svinviks Arboret innafor ansvarsområdet til den nyoppretta stillinga. Sjå utlysinga på Surnadal kommunes nettsider.


Sonerenn i Betna – søndag 6.2.

Sonerenn i Betna – søndag 6.2.

Jon Olav Ørsal Måndag 31. januar 2011

Skigruppa minner om sonerenn og kretsrenn i Betna komande søndag. Det er Betna Idrettslag som er arrangør, og rennet går føre seg på Øyan stadion i Betna, og det er start kl 12.00. Det sonerenn for jenter og gutar 5-8 år, og kretsrenn i klassisk langrenn for alle klassar frå 9 år og opp til senior. For sonerennet er […]


Bankslettå er grøn!

Bankslettå er grøn!

Jon Olav Ørsal Måndag 31. januar 2011

I.L. Søya melder at «Bankslettå» er rydda og klar for treningsbruk. Den første uoffisielle vintertreninga var søndag den 30. januar, og laget reknar med at mildværet som er meldt vil gje fine treningsforhold.

Les heile saka

Misjonsfest med jubileum

Misjonsfest med jubileum

Jon Olav Ørsal Måndag 31. januar 2011

Søndag kveld innleia Todalen sokneråd 150-årsjubileet til Todalen kyrkje med misjonskveld i kyrkja. Dei diska opp med eit variert program, som vart avslutta med kyrkjekaffe til heile festlyden. Ledar i soknerådet, Ildri Øyen ønska velkomen og introduserte opplegget for kvelden, og las frå prologen som Leif Halse skreiv til 100-årsjubileet i 1961. Bernt Bøe tok eit raskt tilbakeblikk på historia til kyrkja, som vart bygd i 1861 og innvigd 11. september i første omgang som anneks. I 1876 vart ho utvida og Todalen vart eige sokn. I 1890 vart ho vigsla på nytt, slik som ho står i dag.

Les heile saka

Eldremiddagen takkar

Eldremiddagen takkar

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. januar 2011

Eldremiddagen har i over tjue år drive med middagsservering i Sanitetshuset. Utanom ferietida (sommar-, jul-, og påskeferien) samlast mange av dei eldre til middag og sosialt lag kvar onsdag. Kokkearbeidet går på omgang og det serveres allsidig og god mat, for ein billeg penge, fortel Martinus Torvik som er sekretær/kasserar i Eldremiddagen. For å få rekneskapen til å ga i hop har dei skaffa seg «sponsorar», der Surnadal kommune, Surnadal Sparebank, Gjensidige Surnadal og Statkraft v/Rossåa Settefiskanlegg har vore med og støtta prosjektet det siste året.

Les heile saka

Sonerenn og Barn i løypa – Avlyst!

Sonerenn og Barn i løypa – Avlyst!

Jon Olav Ørsal Onsdag 26. januar 2011

Regnværet dei siste dagane har gjort det naudsynt å avlyse både sonerennet søndag 30. januar og Barn i løypa torsdag kveld, fortel ledar i T.I.L.s skigruppe Frode Grønmyr. Dei store nedbørsmengdane har gjort at føret er øydelagt og det er både store dammar og opne bekkar og elvar i løypetraseen rundt Todalen oppvekstsenter. Langtidsvarslet melder […]


Kyrkja jubilerer

Kyrkja jubilerer

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. januar 2011

For Todalen kyrkje blir 2011 eit år med stor aktivitet. Kyrkja blir nemleg 150 år, og startar jubileumsaktivitetane med misjonsfest søndag kveld 30. januar, der misjon og sokneråd er arrangør. Her vil det bli tale og musikk av Bjørn Hovde, samt at vi får eit historisk tilbakeblikk på kyrkje og misjon i Todalen. Elles vil det bli både song og trekkspel, der Karen Oddny og Sigfred Gravvold opptrer saman med Oddmund Solem. Og sjølvsagt blir det servering. Sjå plakaten her

Les heile saka