Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7206 artiklar i dette arkivet.


Raymond Johansen på Surnadalstur

Raymond Johansen på Surnadalstur

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. mai 2013

Partisekretær i AP, Raymond Johansen, besøkte Surnadal torsdag. Ordførar Mons Otnes og nokre lokale politiere tok han med på ein rundtur i Surnadal, og mellom anna stod MøreTre, Byggmakker og Hageland på besøksplana i tilleg til landbruksbesøk på Heggsetgjerdet og til slutt fotballskulen med Ole Gunnar Solskjær på Syltøran.

Les heile saka

Stavgang Søyset – Mulneset i finvêret

Stavgang Søyset – Mulneset i finvêret

Vidar Sogge Torsdag 30. mai 2013

Vi parkerte bilane ved det flotte klubbhuset til IL Søya og gjekk opp til Søyset, som tidleg på 1800-talet hadde vore embetsgard til futen. I dag har Lene Søyseth ansvaret for 12 hobby- og tråvhestar. Den mest kjende av dei er 4-åringen Kaiser. Langs vegen opp frå Søyset minte nokre hol innover fjellet om førsøket på gruvedrift, som eit engelsk firma gjorde tidleg på 1900-talet. Etter kvart går skogsbilvegen over til traktorveg, før vi dei siste metrane fram til Mulneset følgjer ein idyllisk sti.

Les heile saka

Full flor i Svinviks arboret…

Full flor i Svinviks arboret…

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. mai 2013

Det nærmar seg full flor i arboretet. Varmen dei siste dagane har gjort at det no nærmar seg toppen av rododendronblomstringa i arboretet. På grunn av den seine våren har det til no gått treigt, men no er det kome full fart i blomstringa. Sist helg var det også veldig bra med besøk i arboretet, og har du planer om å få med deg blomstringstoppen vil vi anbefale at du tar turen til Svinvika.

Les heile saka

Til Elverhøi på ridestemne

Til Elverhøi på ridestemne

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. mai 2013

Siste laurdag og søndag var det stort ridestene på Elverhøi i Sunndal, med Sunndal Rideklubb som arrangør. Med fullada kamera stakk Todalen.no innom for å sjå korleis dette gikk føre seg. Der var det mange flotte hestar og staselege ryttere som dreiv med sprangridning etter nærare fastlagt program. Det var mange klassar, som alle hadde forskjellig program og vanskelegheitsgrad og jammen var vart vi imponert både over hestane og ryttarane.

Les heile saka

Lokalderby på Bordholmen laurdag kl 15!

Lokalderby på Bordholmen laurdag kl 15!

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. mai 2013

Det blir lokalderby på Bordholmen lørdag 1.juni kl 15.00, for da kommer A-laget til Bøfjord til Bordholmen.  Fotballkampen er nemleg flyttet fra  Leikarvollen til Bordholmen.  Kiosken er åpen som vanlig, melder Knut Bergli i fotballgruppa i Todalen I.L.


Normal drift på Kvanne – Rykkjem

Normal drift på Kvanne – Rykkjem

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. mai 2013

Fjord1 melder at ferjesambandet Kvanne – Rykkjem no har vanleg drift, til tross for at vegen i Ålvundfjorden enno er rasstengt.


Ècole Creolè! – flott konsert i skulen

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. mai 2013

Måndag morgon starta vi opp med konsert ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter. Musikkgruppa Ècole Creolè gjesta oss med ein flott konsert. Gruppa Ecole Creole består av tre musikarar med tilknyting til New Orleans: Tricia Bouttè-Langlo, Paul David Longstreth og Kåre Nymark. Dei presenterte eit samansett program med song og musikk med ingrediensar frå den karibiske, […]


Leirras sperrar vegen i Ålvundfjorden

Leirras sperrar vegen i Ålvundfjorden

Jon Olav Ørsal Måndag 27. mai 2013

Eit stort leirras sperrar vegen ved Levika i Ålvundfjorden. Vegen er forventa å bli stengt til tysdag, og ferjesambandet Kvanne – Rykkjem er innstilt inntil vidare, skriv NRK Møre og Romsdal på siden nettsider. Raset har gått i eit anleggsområde ved Levika i Ålvundfjorden. Her kan du lese kva Driva.no skriv om saka.


Bli med på vakthald på Laksefestivalen

Bli med på vakthald på Laksefestivalen

Jon Olav Ørsal Måndag 27. mai 2013

Dei siste åra har Todalen I.L. og I.L. Søya hatt eit samarbeid med Norsk Laksefestival om vakthald under Laksefestivalsen, fortel ledar Karin Halle i TIL. Slik blir det i år også, og dette gir klubbane ei god inntekt, som dei deler etter timetal mellom dei to klubbane. Dersom du har spesielle ønskje om kva kveld du helst vil ha slik vakttjeneste kan du ta kontakt med Karin Halle så vil ho prøve å ta hensyn til det.

Les heile saka

Eldremiddagen tek sommarferie!

Eldremiddagen tek sommarferie!

Jon Olav Ørsal Sundag 26. mai 2013

Eldremiddagen i Todalen serverer siste middagen før sommerferien på onsdag 29. mai, melder Reidun Østvik. Etter middagen er alle invitert til Karen Johanne på Vestrum på kaffe og gode kaker, og til hyggelig samvær.  Alle middagsgjester er velkomne!


Tømmer i lange baner…

Tømmer i lange baner…

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. mai 2013

Livet har bestått av tømmer heile livet for Anton Skei. Han starta med tømmermåling i 1975, og med eit par avbrot for skule og militærtjeneste har han vore fast ansatt sidan 1978. Første arbeidsgjevaren var Nordenfjeldske tømmermåling, men frå 2003 er det eit landsomfattande foretak som heiter Norsk Virkesmåling og har 150 ansatte. Anton Skei er den einaste som er ansatt i Møre og Romsdal, med base i Surnadal. Han har arbeidsplassen sin på terminalen på Industrikaia og dei 4 sagbruka i Surnadal kommune for mengda av tømmer finns nok på Indre Nordmøre.

Les heile saka

Aktivitetsdag og stavgangtur til Svinvika

Aktivitetsdag og stavgangtur til Svinvika

Vidar Sogge Fredag 24. mai 2013

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag møttest i Svinvika den 23. mai for å markera Verdens aktivitetsdag. Denne dagen møtte også ordførar Mons Otnes, folkehelsekoordinator Annett Ranes og kulturleiar Lilli Husby. Mons Otnes hadde mange godord, og i tillegg blomster og pengar til Stavganggruppa. Annett Ranes og Lilli Husby peika på kor viktig det er med fysisk […]

Les heile saka