Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7226 artiklar i dette arkivet.


Omvising i Svinviks arboret

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. mai 2024

Vil du vite meir om Svinviks arboret? Bli med på ei vandring i hagen, og lær om historia og plantene i arboretet. Omvisinga varer i ca 35 minutt.
Vi opnar kafeen for sal av kaffe, is og kald drikke i tilknytning til omvisinga, ein halvtime før og ein halvtime etter.


Klart for bading – rekordtidleg?

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. mai 2024

Når Hønhalsen har gått av er det klart for bading.  I føremiddag skjedde det, og no ligg det altså til rette for å starte badesesongen på «legalt» vis.  Det var Ingri Bruset som var kjapp på avtrekkaren da ho oppdaga at Hønhalsen hadde gått av, og ho lura sjølvsagt på om dette er rekordtidleg.  


Fire pils og en pizza

Jon Olav Ørsal Måndag 27. mai 2024

For Knut er det viktigast å få til god stemning.  I helga har han vore pizzakokk på Hageland  – både laurdag og søndag har han baka pizza og delt ut folk både på veg inn og ut frå Hageland i Surnadal.  Og Knut han fekk skryt for sine gode og nysteikte pizza, som kom rett frå  sin vedfyrte steinomn.


Svinvika er som eit skattekammer

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. mai 2024

Laurdag arrangerte Todalen historielag ei historisk vandring i Svinvika,  og i Svinviks arboret. Med Sven Olav Svinvik som dyktig guide, vart dette ein svært interessant dag for eit trettital interesserte og lydhøre deltakarar.  Det er eit enormt historisk materiale som finnes på garden, og dette er teke godt vare på – både utstyr og hus. Sven Olav er sjølv veldig interessert i historia til garden og har samle ein enorm kunnskap om garden opg gardshistoria – i dag fekk vi nyte godt av dette.


Minner om kveldsgudstenesta søndag 26. mai

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. mai 2024

Treeiningssøndag kveld (26. mai) er det Kveldsmesse i Todalskyrkja kl. 19.30. Ei kort gudsteneste med preg av sommartid og av dagens tekster. Prost Vidar Rygh gjer teneste – også som songsolist. Salmelista er slik: 845 – 963 – 1 – 977.4 – 318 – 678 – 821a.  


Vårsøghelga: Da orgelstafetten kom til Todalen

Jon Olav Ørsal Torsdag 23. mai 2024

Dagens orgelstafett i Todalen kyrkje var eit samarbeid mellom Vårsøghelga, NTNU og kyrkjesokna.  I løpet av dagen er det arrangert orgelkonsertar i Mo kyrkje, Øye Kyrkje og Åsskard kyrkje i tillegg til her i Todalen kyrkje.  Det er tilsaman 4 orgelsolistar som «turnerer» Surnadal kommune, og her ar det Patrick J. Pöppel og Johannes Høyland som sørga for orgeltonar til eit tjuetals tilhørande. 


Knut fyrer opp pizzaovnen laurdag og søndag

Jon Olav Ørsal Torsdag 23. mai 2024

På Hageland Surnadal vil dei denne helga feire at dei gikk til topps som beste butikk i Hageland-kjedens kundeundersøking.  Heile 98,6 % av kundane i Surnadal anbefalte butikken, og dermed bar det rett til topps.  Laurdag og søndag blir det difor feiring med pizza-party, der pizzaeksperten Knut Bergli fyrer opp pizzaovnen og serverer pizza til alle som kjem innom medan det er varme i ovnen.  


Presenterte planane for nytt helsehus

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. mai 2024

Surnadal pensjonistlag var onsdag samla til medlemsmøte i kantina på sjukeheimen. Viktigaste posten på programmet var orientering om planarbeidet med nytt helsehus, og det var nok mange som trossa varmen for å høyre nytt om dette prosjektet.  Leiar i pensjonistlaget Bitten Ranes ønska velkomen, og starta med allsong med «Alle fugler små de er» før Brage Einum slapp til med to kortreiste songar – den eine var laga saman med jaktlaget på Mogstadsetra, medan den andre handla om Vålåskarshelg frå Meldal.  Både tekst og song fall i smak, og Brage fikk god applaus for songen sin.


Laurdag: Inviterer til kulturvandring i Svinvika

Jon Olav Ørsal Tysdag 21. mai 2024

Laurdag 25. mai inviterer Todalen historielag til kulturvandring i Svinvika.  Historielaget har fått med Sven Olav Svinvik som guide på runden i Svinvika denne dagen, og da får vi med oss historia både om garden og om Svinviks arboret.  Sven Olav var eigar og drivar av garden i Svinvika frå 1969, og sitt med ein enorm kunnskap om både garden, gardsdrifta og om arboretet (Svinvikgjengstøa). Vi gler oss til å dele litt av denne kunnskapen med han, seier leiar i Todalen historielag, John Moe. Programmet startar kl 12.


Gå med oss til Kleiva inviterer demensforeninga

Jon Olav Ørsal Tysdag 21. mai 2024

Onsdag 22. mai arrangerer Surnadal Demensforening og helselag ny turdag i samarbeid med Treffast.  «GÅ MED OSS» til Kleiva!Onsdag er det turdag igjen  – det er meldt finvær denne dagen og, så det vil bli en fin spasertur opp til Kleiva. Oppmøte ved Frivilligsentralen kl 12.00. Kom og bli med oppfordrar Liv Botten, som er […]


Todalen kyrkje med i orgelstafetten til Vårsøghelga

Jon Olav Ørsal Tysdag 21. mai 2024

Torsdag 23. mai er Todalen kyrkje med som ein del av orgelstaffetten som står på programmet for Vårsøghelga.  Det er eit samarbeid mellom Vårsøghelga, NTNU og Surnadal kyrkjelege fellesråd, og konsertane blir haldne i kyrkjene Mo, Åsskard, Todalen og Øye.  


Åpent infomøte med Surnadal pensjonistlag

Jon Olav Ørsal Måndag 20. mai 2024

Surnadal Pensjonistlag inviterer til åpent møte i kantina på Surnadal sjukeheim den 22. mai kl 15:00.  Her vil Pål Ranes informere oss om planene for Helsehus, og han vil også informere om hvor langt arbeidet er kommet med dataopplæring av eldre.