Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7101 artiklar i dette arkivet.


Offer for gaupa?

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. mars 2024

Måndag vart det funne ein død hjortkalv på lunningsplassen ved Ørsalhøgda.  I dag er det meste spist opp, så det har nok vore kalas i løpet av natta.  Om det er gaupa, jerven eller anna rovdyr som har teke livet av hjortkalven det veit ikkje vi, da det ikkje lenger er sporsnø.


Eks-redaktør rosar todalen.no

Jon Olav Ørsal Måndag 4. mars 2024

– Målet for alle dei lokalavisene eg kjenner til, er å fungere som eit lim i lokalsamfunnet. Todalen.no har meir enn del fleste forstått kva denne oppgåva går ut på.  Det skriv pensjonert redaktør Lars Steinar Ansnes på bloggen sin Fintenkjarplassen.


Dobbel kvardagslykke for Jorunn

Jon Olav Ørsal Måndag 4. mars 2024

Jorunn Kårvatn Gulla er slett ikkje den første som har funne sin lykkepose rundt omkring på trimturer og elles.  Men Jorunn fann to lykkeposer i dag – den eine var godt kamuflert i lag med farga fjærprakt i fastelavenstreet attmed HalsOil-stasjonen på Kvennset.  Den andre posen hang i ei busk på rasteplassen uti Todalsstranda – på vegen inn til Todalen. 


PopUp-cafe og søndagsope

Jon Olav Ørsal Sundag 3. mars 2024

Med sol frå blå himmel og gnistrande føre i Dalalia er det mulegheitenes dag for både skientusiastar og andre.  Kårvatn Fjellustyr, «butikken på låven», har open butikk og arrangerer PopUp-kafè for høvet.  Butikken er open 11-16 idag og servering fram til kl 14


Verdenscup går vidare i Schladming i Østerrike

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. mars 2024

Verdenscupen i randonee går vidare – i dag har det vore arrangert sprint i Schladming i Østerrike.  Det startet så bra med at tre norske i herrer senior klarte å kavqalifisere seg til kvartfinalen. I tillegg kvalifiserte Ida Wadahl seg i dameklassen senior.  I herreklassen var det Erik Kårvatn, Hans-Inge Klette og Trym Dahlset Lødøen som kom med vidare. 


Rykter om en rå russerevy

Tekst og foto fra Russerevyen 2024 - Surnadal Laurdag 2. mars 2024

Etter måneder med latter, terping, skriving, synging og grubling er det straks klart for årets russerevy. Stemningen er på topp, selv om russen er inne i en meget hektisk periode.  – For mange blir det å stå på en revyscene en ny opplevelse. Tekster skal huskes, koreografi skal læres og toner skal treffes, men sannelig er det gøy å sette sammen en slik oppsetning også. Det fikk russen oppleve forrige helg da det ble to lange dager i Storstua. Engasjementet er stort, og revygjengen har stor tro på at publikum skal få valuta for pengene.


Saknar du ein stol?

Jon Olav Ørsal Fredag 1. mars 2024

Da Gro Torvik var ute og luftet hunden fann ho ein stol. Det skjedde ved elvekanten på Brusetsida, eit par hundre meter ovafor Brusetbrua.  Stolen er litt prega av at den er transportert med vinden, og manglar både setepute og ryggpute.  Dersom det er stolen din kan du ta kontakt med Gro Torvik som bur […]


Bli med på «salmesus» i Stangvik

Jon Olav Ørsal Fredag 1. mars 2024

Kvifor ikkje?  – Når konfirmantane skal lære om salmeboka, kan vi jo ha open songkveld i kyrkja!  Slik tenkjer konfirmantprest Torbjørn Brøske, organist Bernt Bøe og Stangvik sokneråd. Når i tillegg Tordenskjold Songlag og koret Prosjekt 17 gjer øving til open kyrkjesongkveld, blir det retteleg salmesus i Stangvik-kyrkja onsdag 6. mars kl 19:30.


Saniteten minner om medlemsmøte

Jon Olav Ørsal Fredag 1. mars 2024

Todalen sanitetsforening minner om medlemsmøtet tysdag 5. mars kl 18:30 – det skjer i Sanitetshuset på Kvennset, der alle er velkomne !


Årsmøte med innslag om «Gullkongen» og amerikabreva

Jon Olav Ørsal Fredag 1. mars 2024

Torsdag kveld var det tid for oppsummering av gammelåret i Stangvik historielag. Det har vore bra aktivitet gjennom 2023, og møteleiar Einar Grønnes losa oss greit og effektivt gjennom årsmøtesakene som stod på agendaen. Både årsmelding og årsrekneskap var gjennomgått og vart kort og godt einstemmig vedteke utan nokon form for debatt og knappast ein einaste kommentar.


No blir det trøkk på ferdigmåla kledning

Jon Olav Ørsal Torsdag 29. februar 2024

På Talgø sitt fabrikkanlegg i Todalen har dei ei stor og velutstyrt overflateavdeling frå tida med møbelproduksjon.  Nye tider krev nye løysingar, så no er overflateavdelinga bygd om til å handtere ferdigmåla furu- og grankledning. Deler av det gamle anlegget, slik som tørkeanlegget frå «møbeltida» er bruka oppatt i det nyutrusta overflateanlegget. No kan det køyrast 2 strøk på eit gjennomløp, og panelet kjem ut igjen i andre enden av anlegget – ferdig tørka og klar for stabling.  


Kjør forsiktig – stein i vegen i Falla

Jon Olav Ørsal Torsdag 29. februar 2024

I Brusetmarka – på vegen opp Falla ligg det ein stor stein midt i vegbanen. Det er imidlertid god mulegheit for passering, men den kan kanskje kome litt brått på.  På øversida av vegen er det eit lite «utlopp» der steinen er komen frå, og det kan være ein viss fare for at det kjem fleire steinar – eller masse derifrå.  – Steinen er forlengst fjerna, fortel Kjell Gunnar Polden, som har stillt opp med traktor og reiskap.