Torvlegging og tett tak på stabburet
Vi har tidlegare laga ei sak om stabburet i Andersstua som kan være eit av dei eldste bygga i Todalen – kanskje nærare 400 år gamalt. I dag var det lagt nytt torvtak på det gamle stabburet.
Vi fann 7225 artiklar i dette arkivet.
Vi har tidlegare laga ei sak om stabburet i Andersstua som kan være eit av dei eldste bygga i Todalen – kanskje nærare 400 år gamalt. I dag var det lagt nytt torvtak på det gamle stabburet.
Surnadal JFF inviterer alle barn med foreldre/foresatte til en trivelig kveld med sjøfiske. Alle som trenger det, vil få hjelp og assistanse fra SJFF. Start fra Slettneset på Nordvik torsdag 8. august fra kl 18:00. Det er skiltet nedkjøring til Slettneset.
Sted: Bruset Tid: fredag 9. august kl. 16.30. Arrangementet er eit samarbeid mellom Elveeigarlaget, Start 4H og Todalen IL. Det blir instruksjon i elvefiske med rikeleg moglegheit for å prøve seg på fleire teknikkar. Dette er for dei som aldri har fiska tidlegare – Instruktør er Jo Kvande Hansen.
Avtalen som Todalsfjordprosjektet AS har emd dagleg leiar i selskapet går ut i oktober, og selskapet lyser difor ut ein ny periode som har oppstart 1. november 2024.
Surnadal pensjonistlag er i full gang med haustsesongen – torsdag 8. august er det nordsida av Åsskardfjorden som står på programmet, med start frå Bøfjord gamle skule. Oppmøte til vanleg til, kl 11. Alle er velkomne til å bli med!
Det er lenge sia sist, men dei fann fort att tråden. 1947-årgangen hadde sine første skuledag ein av augustdagane i 1954, og da var dei eit årskull på 8 jenter og 4 gutar som starta skulegangen i første klasse i Todalen skule. Randi Ansnes, seinar gift Ramsøy, var lærar og det som i dag blir kalla klassekontakt for dei nye førsteklassingane.
Surnadal pensjonistlag starta sist torsdag haustsesongen med stavgangtur til Krokvassdalen. 14 stavgangarar møtte opp til vandring, og det vart ein fin start på haustsesongen i fint turvêr, skriv Svein Tjelle som har sendt oss info og bilde frå turen.
NJFF Møre og Romsdal inviterer til samling om viktig tema «Tiltak mot skadeskyting av store rovdyr». Det skjer onsdag 7. august i klubbhuset til Surnadal JFF, med adresse Nordsida 198. Arrangementet er gratis, og påmeldinga er opa til måndag 5. august. Klikk på linken og meld deg på Oppstartskveld Nordmøre – Tiltak mot skadeskyting av […]
Så kom dagen som har vore planlagt så lenge – Terje Nordvik går over i pensjonistanes rekkjer, og Jorid H. Ansnes rykkjer opp og blir ny kremmar på Matkroken Todalen. Både Terje og Jorid ønska å markere denne dagen, og inviterte like godt alle sambygdingar og «fleire til» på kaffelag denne siste julidagen.
Vêret kan du aldri lita på – slik er det også når du inviterer mange gjestar på selskap og har for lite plass til å få gjestane under tak. Onsdag er det feiring av generasjonsskifte ved Matkroken Todalen, og hit er heile bygda invitert – og flerire til. Etter ein siste sjekk av vêrmeldinga på yr.no så vart teltet montert ferdig og klargjort for å huse mange gjestar.
Onsdag 31. juli blir det storstila feiring på Matkroken Todalen – eller Halsbua i daglegtale. Da har handelsmann Nordvik sin siste arbeidsdag som kremmar og da er det dagen for Jorid H. Ansnes til å ta over drifta. Terje N. blir da pensjonist på heiltid etter 58 år som enten medeigar eller drivar og denne dagen inviterer han altså heile bygda og fleire til på kaffelag.
Årets Stangvikfestival let oss fråtse i kulturopplevingar. Laurdagens kyrkjekonsert låg på øvste hylle. Festivalens utøvarar er kvar for seg på landslagsnivå. Når dusinet av dei samlast og formidlar musikk i verdensklasse, er det ei stor gåve å vera mottakar. Mange nytta sjansen i Stangvik-kyrkja.