Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7163 artiklar i dette arkivet.


Snart klart for Smølatur

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. juli 2024

Todalen historielag og Stangvik historielag samarbeider om å arrangere tur til Smøla komande torsdag 4. juli.  Turen er så godt som utselt, og alt går etter plana melder reiseleiar John Moe til Todalen.no.  Eit par plassar er ledig dersom nokon bestemmer seg i siste liten, men da må John Moe få beskjed seinast tysdag. 


Toåa: – no bit laksen i Toåa

Jon Olav Ørsal Måndag 1. juli 2024

Regnvêret i natt og i dag gjorde nok underverker for laksefisket – til no er det teke 2 laksar i Toåa i dag.  Ein ho-laks på 5,9 kg som vart teken i Nedre Skjorahølen i ettermiddag og ein hanlaks på 2,1 som vart teken ved Steinutgarden i ettermiddag. Begge vart sett ut igjen, og får ein ny sjanse.


Samarbeid for å arrangere rekrutteringsfiske i Toåa.

Stig Husby Sundag 30. juni 2024

 Todalen Elveeigarlag har  fått med seg Start 4H og Todalen Idrettslag, og saman skal dei arrangere ein sosial og inspirerande ettermiddag i august, der rekruttering av nye fiskarer står på agendaen.


Fortsett VM-suksessen i Montenegro

Jon Olav Ørsal Sundag 30. juni 2024

Isak Drøpping og Erik Kårvatn bekreftar at dei er i god VM-form.  Dei deltek i ungdoms-VM i Skyrunning i Bar i Montenegro.  For Isak vart det ny pallplass, da kan kom inn på nest beste tid 01:02:28 i klasse B (16-17 år)  – 00:03:18 etter spanjolen Biel Sagues Rovira som hadde bestetid på 0:59:10. Dermed var ei ny sølvmedalje sikra.  Isak og Erik representerer Randonee-landslaget og klubben Trollheimen Fjellsportklubb.


Laksefisket – løsnar det no?

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. juni 2024

Laks nr 2 er iallfal komen i land, fortel Stig Husby som er leiar for Todalen elveeigarlag.  No er det eit lite håp om at det er betring på gang – håpet er no at innsiget berre er forsinka. 


Todalsdagen  – festdag på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. juni 2024

Det er nok mange store og små som tenkjer tilbake på barndommen, og hugsar dei mange duellane som har vore på Bordholmen under  Todalshelger og Todalsdager som har vore arrangert i snart to mannsaldrar


Aron med seier og ny løyperekord i Ræta opp

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. juni 2024

Aron var suveren i mål på Ræta Opp 2024.  Med tida 10:41 forbedra han løyperekorden til Håvard Gjeldnes med 7 sekund.  Håvard glimra med sitt fråvær i dag og dermed nytta Aron Rodal Haugen sjansen til å sette ny reekord.  I dameklassen heldt Lisabeth Sæterbø stø kurs, og kom først i mål av damene på tida 13:13 – ho forbedra sin eigen løyperekord med 28 sekund.


Kva skjer med laksefisket i Toåa?

Jon Olav Ørsal Fredag 28. juni 2024

For ei veke sia vart 33 lakseelver stengt, og stor usikkerheit råder både blant laksefiskarane og hos elveeigarane.  Den siste tida har vi sett mange eksempel på kor store konsekvensar dette får for mange lokalsamfunn. Det er til no teke ein laks i Toåa – egenleg snakkar vi om krise.


Sølv til Isak: Imponerande VM-resultat frå Montenegro

Jon Olav Ørsal Fredag 28. juni 2024

Isak Drøpping frå Trollheimen Fjellsportklubb imponerte stort da han kom inn på 2.-plass i dagens vertikal i Bar i Montenegro.  Isak starta i klasse B  (16-17 år), der det var 34 deltakarar frå heile verda. 


Klare for ungdoms-VM i Skyrunning i Montenegro

Jon Olav Ørsal Fredag 28. juni 2024

I dag stiller 14 norske landslagskandidater på startstreken Ungdoms-VM i Skyrunning i Bar i Montenegro.  Lokalt er det to frå Trollheimen Fjellsportklubb som deltek – Erik Kårvatn og Isak Dropping.  I dag arrangeres vertikal – det vil seie førstemann til toppen, og det blir veldig spennande.


Avgangsklasse for 63 år sia – triveleg å treffast

Jon Olav Ørsal Torsdag 27. juni 2024

Vi gikk ut av Støren Interkomunale Realskule for snart 100 år sia, gliser Kari Kvendset som er vertinne for ein heil gjeng med klassekameratar som har kome på besøk.  Dei var 31 elevar i avgangsklassen i 1961 – i dag var 14 av dem samla hos Kari i Todalen.  


Glasskår i vegen

Jon Olav Ørsal Onsdag 26. juni 2024

Ovafor Sagtrøa ved avkjøringa til Ørsalgeilen er det mykje glasskår i vegen.  Tydeleg vis ei glasrute enten frå bil eller traktor som er knut og som er spredd over ei strekning på 10-15 meter.