Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7126 artiklar i dette arkivet.


Kanstslått pågår – pass på litt…!

Jon Olav Ørsal Tysdag 18. juni 2024

Ole Peder Bæverfjord frå Veidekke var tysdag i gang med kantslåtten alt i 6-tida om morgonen.   Det er no andre gongen at Veidekke tek runden rundt bygda med kantslått, og denne gongen tek dei 3 meter ut frå kviststripa, medan dei første gongen tok 1 meter ut.  


Opplever vi svart hav, eller?

Jon Olav Ørsal Sundag 16. juni 2024

Vi har fått leiaren i Todalen elveeigarlag Stig Husby «på kroken».  Han er i disse dagar aktuell i samband med laksefisket i Toåa – det er to veker sia laksefisket starta i Toåa, og det er enno ikkje kome på land ein einaste laks så langt i sesongen.


Siste søndagsope i hagesentret i sommar

Jon Olav Ørsal Sundag 16. juni 2024

I dei travle våronnmånadene april, mai og hittil i juni har det vore søndagsope og utvida opningstid for å ha nok kapasitet til å hjelpe kundar og til å fylle inn varer og trimme butikken.  Søndag 16. juni er siste søndagen at hagesentret har ope – frå måndag går vi attende til vanleg opningstid igjen, seier butikksjef Jelena Johnsen.  Det vil seie at hagesentret er ope måndag – fredag frå 10:00 – 17:00 og laurdag frå 10:00 – 15:00


Nordmørsmusea inviterer til temakveld

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. juni 2024

Nordmørsmusea inviterer til temakveld på Åsen bygdemuseum torsdag 20.juni kl.19.00 – i fjøset:
Tema: Kven var dei første nordmøringane?
Kvar kom dei frå, og kvifor kom dei hit? 


Håkon Bøklepp stakk av med seieren

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. juni 2024

Dei tre som kom på pallen var også først ut på starten av Dammen Opp  på Nordvik laurdag føremiddag.  Dei heldt koken heilt til målgang ved dammen på Nordviksetra, og gikk i mål med nokre få sekunds mellomrom.  Håkon Bøklepp trekte det lengste strået, og var først i mål på ny bestetid 14:21, medan Isak Drøpping gjekk i mål på 14:30 – berre 9 sekund etter.  På tredjeplass kom Erik Kårvatn, på tida 14:45 – 24 sekund etter vinnartida. 


Rute 1061 Kvanne – Rykkjem har driftsproblem

Jon Olav Ørsal Fredag 14. juni 2024

Rute 1061 Kvanne – Rykkjem:  Grunnet driftsproblem blir 22:15 avgangen fra Rykkjem framskyndet til 21:45 og deretter blir sambandet innstilt ut kvelden, det vil si til og med avgang 23:35 fra Rykkjem. Oppstart i morgen Lørdag 15.06 blir kl 08:00 fra Kvanne, melder Fjord1 til Todalen.no.


Laurdag: – Dammen opp på Nordvik

Jon Olav Ørsal Fredag 14. juni 2024

Lørdag 15. juni inviterer Trollheimen Fjellsportklubb til motbakkeløpet «Dammen Opp» på Nordvik. Løypa er i underkant av 3 km, med start ved Nordvik forsamlingshus og oppover Blomlivegen til inntaket for Nordvik Kraft.


Snart startar oppskytinga i Ranheimsvingen

Jon Olav Ørsal Fredag 14. juni 2024

Vi skriv snart midtsommar og St. Hans – dermed er det tid for å tenke på skyteprøve med tanke på storviltjakt i haust.  Søya og Todalen skytterlag starter med sesongens første skytekveld måndag 24. juni.  Det skjer på skytebanen i Ranheimsvingen, og det vil påga skyting i tidsrommet 18:00 – 20:00.   Deretter vil det bli […]


Skal sikre drifta når straumen er borte

Jon Olav Ørsal Fredag 14. juni 2024

Surnadal kommune, teknisk drift, er i gang med oppgradering av Bjøråa vassverk.  Vassverket får no eige straumagregat for sikring av vassleveransen, og agregatet vil få eit eige hus som eit tilbygg til den tekniske installasjonen.  I dag er teknisk drift i gang med å sette opp eit elementbygg som altså skal huse agregatet.


Tunnellvask med manuell dirigering

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. juni 2024

Har du det travelt og skal nå eit eller anna, så kan du rekne med at du får ein lita overrasking og litt ventetid.  I Svinviktunnellen foregår det torsdag kveld tunnellvask, og det er manuell dirigering av trafikken  – og bruk av følgebil. 


Sommarsongkveld med høg trivselsfaktor

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. juni 2024

P17-koret trekte fullt hus til sommarsongkveld i Todalen ungdomshus.  Koret brukar å samlast til ein songkveld når dei har sesongavslutning, og onsdag kveld inviterte koret todalingane på sommarsongfest – og todalingan kom og jammen vart det ein triveleg kveld med mykje song og musikk.  Her var det både korsong og allsong med melodiminner og utdrag frå kabaretar som koret har jobba med tidlegare. Dirigent Bernt Bøe hadde henta fram at både «Seterkabareten» og kabareten «Med segl og Wickmann» og presenterte eit utdrag i kveld.  Vidare var det både song, kaffelag og utlodding. 


Oppgradering i hundretusenklassen

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. juni 2024

I treningsstudioet Hett & Svett har det pågått oppgradering av utstyr den site tida.  3 flunkande nye apparat er montert og snart klare til bruk.  Dei siste par dagane har Ola Talgø, Anders Mo og Anders Todalshaug studert engelskspråklege monteringsanvisningar og sett sammen apperata som no er kjøpt inn.