Finn fram Stil-longsen – kaldvêr i vente!
Etter ein lang og fin haust er det no kaldvêr i vente. Neste veke er det meldt kaldare vêr alt frå søndag og fram til fredag, der onsdagen ser ut til å bli kaldast med nærare 10 kuldegrader på det kaldaste.
Vi fann 7205 artiklar i dette arkivet.
Etter ein lang og fin haust er det no kaldvêr i vente. Neste veke er det meldt kaldare vêr alt frå søndag og fram til fredag, der onsdagen ser ut til å bli kaldast med nærare 10 kuldegrader på det kaldaste.
Dei siste dagane har det vore hektisk aktivitet på Surnadal hamn – den eine asfaltbåten etter den andre har lossa tilsaman 4.000 tonn med varm asfalt, og det har blitt heile 17.250 m2 med ny asfalt i hamneområdet. Det er Surnadal Hamneterminal som er oppdragsgjevar og Veidekke Industri som har utført oppdraget, fortel Karin Halle som er dagleg leiar i Surnadal Hamneterminal, og kommunalsjef i Surnadal kommune som er største eigaren.
I kveld klokka 17.30 – 19.00 markerer biblioteket i Todalen at det er nordisk bibliotekveke 2016. Karen Johanne og Britt har rydda plass til ein masse nye bøke, og elles blir det både høgtlesing og leseløype. – Og FAU spanderer bollar og kakao til ungane og kaffe til dei som er litt større.
På MøreTre er det ledig jobb som prosjekleder/leder for salgs- og serviceavdelingen. med økende oppdragsmengde utvider MøreTre sin satsing mot prosjektmarkedet, og søker derfor etter en ny medarbeider med ansvar for prosjekt, salg og service.
Etter kvart som det blir mindre uteaktivitet er det viktig å kome i gang med litt innetrening i gjen. TILs treningsstudio – Hett & Svett – står der og har mykje ledig kapasitet. Måndag kveld var det lagt opp til info-kveld, med opplæring og instruksjon i bruk av utstyret med Ola Eina Øyen.
Det er snart ein månad sia vi har hatt regn av betydning, og NVE’s målar for vassføring ved Storfossen nærmar seg 0,5 m3 i sekundet. Da nærmar vi oss eit minimum, og det er sjeldan at det er så lite vatn i elva. Men no ser det ut til at det blir vêrforandring, for Yr.no har litt regn på lur i sine prognosar for dei neste dagane.
Det har vore ei travel helg for mannskapet i Surnadal Røde Kors. Først med innsamlingsaksjon som samla over 302 000 i Surnadal kommune, som er eit skikkeleg krafttak frå innsamlingsgjengen som har gått frå dør til dør i heile kommunen. Deretter med fleirkulturell bygdekveld i storsalen i kulturhuset.
Måndag var region- og næringsutvalet i Møre og Romsdal på visitt i Surnadal for å gjera seg litt kjent med kva kommunen har å by på av næringliv- og næringslivssatsing, der dei fekk informasjon av ordførar Lilly Gunn Nyheim, kommunalsjef Karin Halle, næringskonsulent Harald Bredesen og dagleg leiar Magne Løfaldli i SIV Inkubator. Etterpå var det tid for å ta ein rask runde for å sjå på noko av næringslivet i Nedre Surnadal
I løpet av ettermiddagen og kvelden har alle bustader i bygda hatt besøk frå innsamlingsaksjonen som i år går til Røde Kors. I morgontimane måndag er det meste kome med i oppteljinga, og da er resultatet for Surnadal kommune kome opp i 302 583 og for heile landet er tilsvarande tal totalt 219 862 424 kroner.
På Geno sitt anlegg Store Ree på Hamar står det ein kjendisokse som kjem frå Viastua i Todalen. Vi laga ei sak om oksekalven som «dro ut i verda» i mars 2015 og sia har det vore stille. Men han kom inn i rullane til Norsk Rødt Fe hos Geno, og har gått gjennom mange testar og målingar. No har han gått gjennom den tronge nålauga til Geno, og vorte klassifisert som eliteokse og til og med ein av dei beste eleiteoksane av sitt kull
Lokale handledagar er det kvar dag hos Matkroken Todalen. Det er nettopp nærbutikk og kvardagsbutikk som er funksjonen til butikken, og det sett bygdefolket pris på – det viste dem sist laurdag. Og det skulle da berre mangle, for vil vi ha butikk i Todalen som må vi bruke den. Det bør også «hytte-todalingan» ha i tankane – alle må bruke nærbuikken til dagleg handel.
I helga går den store innsamlingsaksjonen av stabelen, og i år er det Norges Røde Kors som skal ta i mot dei innsamla pengane. Reidar brøske i Surnadal Røde Kors fortel at dei har lagt opp til at alle heimar i kommunen skal få besøk av bøssemannskap i løpet av søndagen, så da er det berre å putte på penger på bøssene og gi så det svir. Surnadal Røde kors innviterer i samband med innsamlingsaksjonen til fleirkulturell bøgda kveld i kulturhuset. Det skjer frå kl 19.00 søndag 23. oktober.