Kaffelag og omvisning på Gammelfabrikken
Det er nok mange som har lurt på kva som foregår på Gammelfabrikken i Brusetmarka. Det har vore prata om historisk utstilling med gamle Talgø-møblar, Trollheimsutstillinga og ikkje minst er det laga utstillingar frå verksted og verktøy som er arv etter Sigvart Husby, Olav Stengel og Henrik Halle. Mellom anna den første motorsaga i bygda – ei gammel JoBu-sag på rundt 30 kg. No er det bestemt at det blir kaffelag og omvisning 24. november i tidsrommet 14 – 17 og da inviteres bygdefolket og andre interesserte til å kome og sjå og høre.