Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7071 artiklar i dette arkivet.


Ledig jobb på MøreTre: Tar du utfordringen?

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. november 2016

På MøreTre er det ledig jobb som prosjekleder/leder for salgs- og serviceavdelingen. med økende oppdragsmengde utvider MøreTre sin satsing mot prosjektmarkedet, og søker derfor etter en ny medarbeider med ansvar for prosjekt, salg og service.


Treng du hjelp over dørstokken?

Jon Olav Ørsal Måndag 31. oktober 2016

Etter kvart som det blir mindre uteaktivitet er det viktig å kome i gang med litt innetrening i gjen. TILs treningsstudio – Hett & Svett – står der og har mykje ledig kapasitet. Måndag kveld var det lagt opp til info-kveld, med opplæring og instruksjon i bruk av utstyret med Ola Eina Øyen.


På tide med vêromslag…

Jon Olav Ørsal Onsdag 26. oktober 2016

Det er snart ein månad sia vi har hatt regn av betydning, og NVE’s målar for vassføring ved Storfossen nærmar seg 0,5 m3 i sekundet. Da nærmar vi oss eit minimum, og det er sjeldan at det er så lite vatn i elva. Men no ser det ut til at det blir vêrforandring, for Yr.no har litt regn på lur i sine prognosar for dei neste dagane.


Travel helg og flerkulturell stemning

Jon Olav Ørsal Måndag 24. oktober 2016

Det har vore ei travel helg for mannskapet i Surnadal Røde Kors. Først med innsamlingsaksjon som samla over 302 000 i Surnadal kommune, som er eit skikkeleg krafttak frå innsamlingsgjengen som har gått frå dør til dør i heile kommunen. Deretter med fleirkulturell bygdekveld i storsalen i kulturhuset.


Region- og næringsutvalet i MR besøkte Surnadal

Jon Olav Ørsal Måndag 24. oktober 2016

Måndag var region- og næringsutvalet i Møre og Romsdal på visitt i Surnadal for å gjera seg litt kjent med kva kommunen har å by på av næringliv- og næringslivssatsing, der dei fekk informasjon av ordførar Lilly Gunn Nyheim, kommunalsjef Karin Halle, næringskonsulent Harald Bredesen og dagleg leiar Magne Løfaldli i SIV Inkubator. Etterpå var det tid for å ta ein rask runde for å sjå på noko av næringslivet i Nedre Surnadal


Jobben er gjort…. – oppdatert

Jon Olav Ørsal Måndag 24. oktober 2016

I løpet av ettermiddagen og kvelden har alle bustader i bygda hatt besøk frå innsamlingsaksjonen som i år går til Røde Kors. I morgontimane måndag er det meste kome med i oppteljinga, og da er resultatet for Surnadal kommune kome opp i 302 583 og for heile landet er tilsvarande tal totalt 219 862 424 kroner.


Kvennsetgarding hamna i landseliten

Jon Olav Ørsal Sundag 23. oktober 2016

På Geno sitt anlegg Store Ree på Hamar står det ein kjendisokse som kjem frå Viastua i Todalen. Vi laga ei sak om oksekalven som «dro ut i verda» i mars 2015 og sia har det vore stille. Men han kom inn i rullane til Norsk Rødt Fe hos Geno, og har gått gjennom mange testar og målingar. No har han gått gjennom den tronge nålauga til Geno, og vorte klassifisert som eliteokse og til og med ein av dei beste eleiteoksane av sitt kull


Den lokale handledagen…

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. oktober 2016

Lokale handledagar er det kvar dag hos Matkroken Todalen. Det er nettopp nærbutikk og kvardagsbutikk som er funksjonen til butikken, og det sett bygdefolket pris på – det viste dem sist laurdag. Og det skulle da berre mangle, for vil vi ha butikk i Todalen som må vi bruke den. Det bør også «hytte-todalingan» ha i tankane – alle må bruke nærbuikken til dagleg handel.


Søndag kveld: Fleirkulturell bøgdakveld i kulturhuset.

Jon Olav Ørsal Fredag 21. oktober 2016

I helga går den store innsamlingsaksjonen av stabelen, og i år er det Norges Røde Kors som skal ta i mot dei innsamla pengane. Reidar brøske i Surnadal Røde Kors fortel at dei har lagt opp til at alle heimar i kommunen skal få besøk av bøssemannskap i løpet av søndagen, så da er det berre å putte på penger på bøssene og gi så det svir. Surnadal Røde kors innviterer i samband med innsamlingsaksjonen til fleirkulturell bøgda kveld i kulturhuset. Det skjer frå kl 19.00 søndag 23. oktober.


Laurdag: Matkroken byr på skikkeleg kaffelag…

Jon Olav Ørsal Fredag 21. oktober 2016

Laurdag inviterer Matkroken til årets handledag, og byr i den samanheng til skikkeleg kaffelag i butikkens kaffekrok. Her blir det servert gratis kaffe og marsipankake til alle som kjem innom butikken denne dagen. Matkroken Todalen er som kjent deltakar i Merkurprogrammet, som er myndighetenes satsing for å ta vare på lokale sistebutikkar, fortel handelsmann Nordvik.  […]


Inviterte alle brukarane til «Kongens nei» på kino

Jon Olav Ørsal Fredag 21. oktober 2016

Heimetenesta og Rehab trefte blink når dei inviterte alle sine brukarar til kinokveld med “Kongens nei”.  Mellom 50 og 60 meldte seg på, og da var det berre å starte å organisere henting og bringing, fortalte Margrete Svinvik, som er einingleiar for Heimeteneste og rehabilitering. Det er egentleg eit stort apparat å sette i sving, […]