Vanskeleg å ta seg fram på grunn av tømmerdrift
Vi har tidlegare skrive om at det går føre seg skogsdrift i Bjørålia og utover mot Korslia. Dette berører turstien som er merka frå Storhaaugen og ned mot Liatur/Brusetnesset. Medan arbeidet har pågått har det vore mykje nedbør, og det har gjort at det er på det næraste uframkommeleg etter stien, fortel Jon Bruset. Han har sendt oss eit par bilder som viser at det er både mykje kvist og blauthol der den merka stien går.