Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7200 artiklar i dette arkivet.


Hausten er i full gang – tid for å førebu vinteren

Jon Olav Ørsal Fredag 11. oktober 2024

Sjølv om det enno er sommartid eit par veker til, så må vi nok bare innsjå at vinteren nærmar seg med stormskritt.  Torsdag var det nysnø ned mot 3-400 meter og det var nyttig å kle seg litt ekstra da gradstokken nærma seg nullen. Yr.no melder at det framleis skal være «litt hustre», men etter kvart skal det bli litt mildare igjen. 


Midtnorsk Olje på nye hender

Jon Olav Ørsal Torsdag 10. oktober 2024

Vi les i Driva at Midtnorsk Olje er komne på nye hender, og er fusjonert med NK Energi AS no i haust.  Midtnorsk Olje er leverandør av drivstoff til Hals Oil, og vi finn det difor naturleg å ta ein prat med Rune Mogstad som har vore dagleg leiar og gründer i Midtnorsk Olje.


Laurdag feires nærbutikkdagen på Matkroken Todalen

Jon Olav Ørsal Tysdag 8. oktober 2024

Laurdag 12/10 markerer Matkroken «handle lokalt» dagen på Matkroken Todalen. Dette er ei årleg markering i dei såkalla «Merkurbutikkane, og denne dagen vil damene på Matkroken sette ekstra pris på at du kjem innom og blir med på feiringa. Laurdag held dei kaffetraktaren varm heile dagen som serverer gratis marsipankake, bakels og graut til kaffes i tidsrommet  mellom kl. 10 og kl 15.


No skal tårnet bli reparert

Jon Olav Ørsal Tysdag 8. oktober 2024

No startar arbeidet med utbetring av tårnet på Todalen Kyrkje.  Den siste veka har det pågått montering av stillas som må på plass før snekkararbeidet kan starte.  Det er Averøyfirmaet Lunvik AS som leverer den tjenesta. 


Tek oppatt tradisjonen med landbrukskonferanse

Jon Olav Ørsal Fredag 4. oktober 2024

Den første landbrukskonferansen var i 2011, og etterpå var det arrangement annakvart år fram til 2019 – og så kom pandemien og rota til.  Men no er det omsider ny landbrukskonferanse på gang i Surnadal, og det skje i Surnadal kulturhus torsdag 7. november.  Sett av dagen!



Du verden for ein kyrkjesongkveld

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. oktober 2024

Det var folk på nærast alle benkerader i kyrkja da koret Prosjekt 17 inviterte til kyrkjesongkveld. Og jammen vart det song – både korsong og allsong og det var ein fryd for øret både for dei som song og for oss som berre høyrde på – songen fylte rett og slett kyrkja.


Korleis kan du bli trygg heime?

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. oktober 2024

Kartlegging av behov for tiltak med tanke på at folk skal bu i heimane sine lengst mogleg – dette både med tanke på at dei eldre har ønske om det og det er også med tanke på at det skal avgrense behovet for institusjonsplassar. Myndigheitene har pålagt kommunane å kartlegge dette behovet, og i Surnadal er […]


Ein festdag for MF Stangvikfjord

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. oktober 2024

Tysdag 1. oktober vart ein festdag for Fjord1 og MF Stangvikfjord – det vart den offisielle dagen for overdraging frå verftet Havyard og Stangvikfjord foretok flaggbytte og kom under Fjord1s flagg.  Det er no 4 år sia båten hadde sin jomfrutur og det går vel an å kalle det vaksendåp?  Det var tidlegare ordførar Lilly […]


Forvaltarar, vernestyret og rådgjevande utval samla

Jon Olav Ørsal Måndag 30. september 2024

Talgø brukar Gammelfabrikken og Todalshytta til forskjellig intern møteverksemd, men det hender og at dei blir leigd ut til andre når det høver slik.  I dag var det Verneområdestyret for Trollheimen som rådde grunnen, der dei hadde samla administrasjonen og rådgjevande utval til såkalla dialogmøte.  


Songkveld i Todalskyrkja

Innsendt av Bernt Bøe Måndag 30. september 2024

Med allsongen i sentrum og forsamlinga som hovudaktør inviterer koret P17 onsdag til «Kyrkjesongkveld» i Todalen.  – Salmeboka er vår rikaste skatt av poesi og melodiar mellom to permar, seier korleiar Bernt Bøe. – Og snakk om breidde: Her svingar det frå bedehus til tempel, frå tango til hymner!


Ein gledens dag – klatrarar henta ned Natiri

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. september 2024

Det er no temmeleg nøyaktig 4 veker sia Natiri kom bort under ein fjelltur.  Eigar Anders Mo seier at det i dag er ein gledens dag, når Natiri i dag vart henta ned frå Blåfjellet. Det har vore dårleg vêr i fjellet – regelrett snøfokk – men det hindra ikkje klatrarane i å kome opp til funnstaden, sjølv om det var ulendt.