Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7018 artiklar i dette arkivet.


Selebert besøk til randoneehelga

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. februar 2017

Helgas randoneecup på Kårvatn i Todalen får selebert besøk. Nils Ove Bruset bekreftar no at Kilian Jornet Burgada kjem til helgas randoneecup på Kårvatn. Om Kilian Jornet Burgada kan det seiast at han kjem frå Spania, og er kåra til den fremste uthaldande idrettsutøvar i sin generasjon – ei kåring som New Yourk Times star attafor.


I helga blir det randonee for alle pengan

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. februar 2017

På Kårvatn er førebuingane i gang til helgas randoneecup som foregår i Dalalia. Her blir det renn både laurdag og søndag, og alt ligg no til rette for eit vellukka arrangement. Forleden trefte vi rennleiar Nils Ove Bruset og Gudmund Kårvatn, da dei kom frå fjelltur og sjekking av føreforholda i Dalalia.


Resultat etter 5-runde i sjakken…

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. februar 2017

5. runde i sjakken gikk i «utlendigheit» i Skulstuå, da Kaffekroken var okkupert av snekkarar og målarar sist søndagskveld. Men det gikk godt, og dei fann seg godt tilrette rundt langborda


INF: Årsmøte på HammerStuene torsdag

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. februar 2017

Indre Nordmøre forsvarsforening inviterer til årsmøte på Hammerstuene, på Surnadalsøra, torsdag 16. februar 2017 kl. 13.00. Ivar Olaf Halse, tidligere kommandant ved Vardøhus festning, vil fortelle årsmøtet om Vardøhus festning, elles blir det vanlige årsmøtesaker.


Bakels og graut gikk ned på høgkant….

Jon Olav Ørsal Måndag 13. februar 2017

Karen Johanne fikk skikkeleg respons på bakelsa da Kaffekroken hadde offisiell nyopning måndag. Da var det nemleg gratis kaffe og bakels med graut til alle som var innom butikken denne dagen. Eit par bøtter med bakslrøre og rundt 10 liter med smørgraut gikk fort unna…


Tapt og funnet – flott kniv

Jon Olav Ørsal Måndag 13. februar 2017

Ein flott kniv vart søndag funne ved gapahuken i Gunnøya. Er du den rettsmessige eigaren er det berre å ta kontakt med Wenche Kvendset, så får du att kniven.


Reidar stiller ut i Skulstuå

Jon Olav Ørsal Sundag 12. februar 2017

Reidar Østvik, Elvestad, ønsker alle velkomne til salgsutstilling i Skulstuå komande laurdag 18. februar kl 13-17.


5. sjakkrunde blir flytta til Skulstuå

Jon Olav Ørsal Sundag 12. februar 2017

5. runde med sjekk er tillyst i Kaffekroken i kveld, men på grunn av oppussing er 5. runde i sjakkturneringa flytta til Skulstuå (Gammelskulen).  Her blir det start til vanleg tid, kl 19.30.  



..Og hele bygda er med, på det som skal skje

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. februar 2017

Krattryddeaksjonen er i full gang – lag og organisasjonar i Todalen har gått sammen om å rydde kratt rundt vegkantane og laurdag var første dugnadsdagen. – Og dugnadsgjengen sette skikkeleg merke etter seg frå Svinviktunnelen og innover så langt dei rokk på ein dag.


Pusser opp Kaffekroken

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. februar 2017

Fredag, laurdag og søndag blir Kaffekroken på butikken stengt på grunn av arbeid med å pusse opp lokalene. Da blir møblar og anna interiør rydda ut, for at Ted & Co skal få kome til og jobbe effektivt med målararbeidet.


Skulelunch med bondelaget – Kvar kjem maten frå?

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. februar 2017

Onsdag var vi invitert til skulelunch i Todalen oppvekstsenter. Det var Todalen Bondelag som var verskap, og hadde dekt på i gymsalen for både elevar på skulen og barnehagen med både lærarar og assistentar.