Flott lysmesse med konfirmantane
Søndag kveld var det lysmesse i Todalen kyrkje – det skjedde midt i mørkret i ei verd full av ufred og krig, der neste års konfirmantar tente fredslyset i håp om fred. Eit trettital – rundt halvparten av alle konfirmantane frå heile Surnadal deltok i lysmessa og tente lys og sørga for tekstlesing og framførte dagens preike på ein framifrå måte.