Raus gåve til legesentret
Fredag morgon fekk dei tilsette på Surnadal legesenter ei skikkeleg overrasking frå Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank. Styret i Sparebankstiftelsen troppa opp på legesentret med ei sjekk på over 900.000 som er øremerka til finansiering av eit ultralydapparat som gåve til legesentret.