Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7173 artiklar i dette arkivet.


Sesongstart for randogjengen i Trollheimen fjellsportklubb

Jon Olav Ørsal Måndag 9. desember 2024

I helga var det sesongstart for randoneegjengen i Trollheimen fjellsportklubb.  Aron Rodal Haugen og Isak Drøpping, som begge er på landslaget, viste gode takter og det lover godt for ein ny sesong som starter for fullt over nyttår.



Flott lysmesse med konfirmantane

Jon Olav Ørsal Sundag 8. desember 2024

Søndag kveld var det lysmesse i Todalen kyrkje – det skjedde midt i mørkret i ei verd full av ufred og krig, der neste års konfirmantar tente fredslyset i håp om fred.  Eit trettital – rundt halvparten av alle konfirmantane frå heile Surnadal deltok i lysmessa og tente lys og sørga for tekstlesing og framførte dagens preike på ein framifrå måte.  


T.I.L’s julekalender – Trekning for 8. desember

Jon Olav Ørsal Sundag 8. desember 2024

Denne søndagsmorgonaen er det 3 gevinstar i adventlotteriet til Todalen Idrettslag.   På denne dag er det altså trekt ut 3 gevinstar som har fått sine vinnarar.  Den første gevinsten er eit sitteunderlag i ull (om det er strikka eller hekla er vi usikker på) og heldige vinnarar er Gunhild og Håkon Brøndbo som bur på Brubakkan.  


Må vente med opning av alpinanlegget.

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. desember 2024

Mangel på godkjenning av ein nymontert vaier i alpinanlegget gjer at opning av anlegget må utsettast. Dette kan det kanskje bli ei ordning med alt på måndag, skriv Driva Tidlegare i veka var det kuldegrader i lufta og produksjonen av kunstsnå var i gang.


T.I.L’s julekalender – Trekning for 7. desember

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. desember 2024

Thea Saksen startar helga som den heldige vinnar av eit par Selbuvottar i ull.  Det er dagens første gevinst av i alt 4 som er trekt ut som vinnarar for laurdag 7. desember.


Todalshytta minner om rakfiskaften laurdag kveld

Jon Olav Ørsal Fredag 6. desember 2024

Komande laurdag kveld – 7. desember – arrangerer Todalshytta årets rakfiskaften.  Da bys det på rakfisk med alle typar tilbehør – og ein triveleg førjulskveld i Kammerpike Edits Spiseri.  Bestill bord på SMS/telefon 929 97 550 til Arve Evensen. Kjøkkenet er ope i tidsrommet 17:00 – 21:00



Ny forsyning er like rundt hjørnet

Jon Olav Ørsal Fredag 6. desember 2024

Juleheftet «Jul på Nordmøre» gikk ut i ein fei da dei endeleg kom til Matkroken Todalen.   Redaktøren Lars Steinar Ansnes hintar om at det no er ny forsyning på veg til Matkroken Todalen. 


T.I.L’s julekalender – Trekning for 5. desember

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. desember 2024

Torsdagens første gevinst er eit flott sokkpar i ull som går ovom Falla til Kjell Gunnar Polden som den heldige vinnaren.  I dag er det også heile 4 gevinstar som deler seg med halvparten av vinnarane er  innenbygds og andre halvparten utenbygds.


Julelunsj med konjunkturbarometer

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. desember 2024

Surnadal Næringsforening kombinerte det behagelege med det nyttige da dei  inviterte medlemane til julelunsj på Hammerstuene, kombinert med litt fagleg input. På den faglege fronten var det Karin Nordli som sørga for presentasjon av konjunkturbarometeret som Sparebank1 hadde utarbeidd for Trøndelag og Møre og Romsdal.


T.I.L.s julekalender – trekning for 4. desember

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. desember 2024

TILs julekalender er på lufta med trekning for 4. desember – 4 nye gevinstar skal få ein ny eigar.  Den første gevinsten er eit sett med kjøkkenreiskap som har fått Marie Halset som vinnar.