Reine vårvêret i turstien
Det er slett ikkje berre todalingar som går tur og trimmar i Toåa tursti. Tysdag trefte vi denne gjengen som var på venninnetur og som hadde rusta seg ut med både kaffekanne og noko å bita i. Vêrgudane stilte seg sjølvsagt frå si beste side, slik at det var fint å rigge seg til ved gapahuken i Båthølen, som altså er ein del av Toåa tursti.