Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7196 artiklar i dette arkivet.


Markerte seg på Rando-NM på Voss i dag

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. januar 2025

Trollheimen fjellsportklubb stilte med 3 deltakarar på NM i randonee i Myrkedalen på Voss.  Deltakinga vart desverre prega av kansellerte fly på grunn av vêrtilhøva dei siste dagane.  Veldig synd for arrangementet, for arrangøren har gjort ein kjempejobb og fått på plass flotte løyper, fortel Halvor Drøpping frå Trollheimen Fjellsportklubb.  Dei tre deltakarane frå Trollheimen Fjellsportklubb viste at dei har forma inne, for  Isak Drøpping sikra seg 1.plass og Aron Rodal Haugen 2.-plassen i Menn U18, medan Erik Kårvatn sikra seg 4.-plassen i Menn senior.


Utfall for deler av lysanlegget i Svinviktunnelen

Jon Olav Ørsal Fredag 3. januar 2025

Fredag var det utfall for lysanlegget i halvparten av Svinvikstunnelen.  Frå møteplassen som ligg cirka midt i tunnelen og heilt ut på Svinviksida er lysanlegget heilt svart.  Vi veit ikkje kva som er orsaka til dette – om det er tilfeldig feil eller om det har noko å gjera med ekstremvêret vi hadde sist natt.


Opnar til topps i alpinansentret

Jon Olav Ørsal Fredag 3. januar 2025

Gode nyheiter frå Surnadal alpinsenter – frå laurdag opnar anlegget heilt til topps.  Fram til no har anlegget vore ope til mast 7, men snøfallet dei siste dagane har gjort det muleg å preparere anlegget heilt til topps, så frå laurdag kan du altså ta heisen heilt til topps og nye nedkjøringa gjennom heile anlegget. 


Byr på nyttårsfest for eldre

Jon Olav Ørsal Fredag 3. januar 2025

Surnadal demensforening og helselag inviterer eldre i Surnadal til nyttårsfest på Thon Hotell Surnadal.  Det skjer Torsdag 23. januar kl 17:00, og leiar Liv Botten ber om påmelding på telefon 957 29 719 seinast onsdag 15. januar.


Snøstormen hemmar ferjetrafikken – normal drift

Jon Olav Ørsal Fredag 3. januar 2025

Rute 1061 Kvanne – Rykkjem har vore ute av trafikk tidlegare denne morgonen, og melder no kl 7:01 at «Grunna dårlig ver vert sambandet fortsatt innstilt inntil vidare.» Kl 07:51 melder Fjord1 om normal drift igjen på strekninga Kvanne – Rykkjem.


Oppgraderer til orange varsel komande døgn

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. januar 2025

Det har kome mykje snø det siste døgnet, og meir skal det bli, melder vêrvarslinga YR.NO på sine nettsider.  For komande døgn meldes det om 30-50 cm snø i Trøndelag og Møre og Romsdal, og lokalt kan det koma meir.  Dette er altså ei oppgradering frå gult varsel til orange varsel og går på snømengde.


Rokk og fokk – travelt for brøytemannskapet i dag

Jon Olav Ørsal Måndag 30. desember 2024

Det blir nok ein travel dag for brøytemannskapa i Todalen Mjølk i dag.  Da vi var ute for å treffe dem var snøvêret i gang, og meldingane på yr.no fortel om gult faresignal og kraftig snøfokk utover formiddagen og fram til tidleg morgon på nyttårsaften.   Todalen Mjølk har 4 traktorar ute på morgonkvisten i dag, og dei rekna med at det vart fullt kjør heile det neste døgnet. 


Det blir mykje vêrbruk i nyttårshelga

Jon Olav Ørsal Sundag 29. desember 2024

Yr.no melder om «mykje vêr» rundt komande nyttårshelg.  Vi har allereie i dag fått ein forsmak med mykje vind, regn og sludd .  Og meir skal det bli – det vil fortsette med meir regn, som etter kvart går over i sludd og snø frå måndag 30. desember.  Det er sågar gult farevarsel for snø.


Nyttårsmesse i Todalen kyrkje

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. desember 2024

Nyttårsaftan – tysdag 31. desember – blir det nyttårsmesse i Todalen kyrkje kl 16:00.  Liturg er prost Vidar Wilhelmsen Rygh, og organist Amund Valde.  Takkoffer går denne dagen til misjonsprosjektet i Etiopia. Salmane som blir bruka under gudstenesta på nyttårsaftan er :  1, 456.2, 835, 322 og 86 Velkomen til årets siste gudsteneste!


Mesta rekorddeltaking på Romjulsmarsjen 3. juledag

Jon Olav Ørsal Fredag 27. desember 2024

Todalen IL fekk skikkeleg respons på den tradisjonelle Romjulsmarsjen som var arrangert 3. juledag.  Rundt 170 deltakarar mønstra på arrangementet og tok turen rundt bygda i dag.  Trimgruppa lokka med serveing av gløgg og saft på meldestasjonen på Bruset og jammen vart det trøkk der ja, med rundt 170 og reknar vi med 9 hundar og ein hest som også var med så tangerer vi rekorden som vart sett for nokre år sia. 


Skulstua minner om filmframsyning i dag kl 16

Jon Olav Ørsal Fredag 27. desember 2024

Framleis ledige billettar for framsyning av 80-årsdagen til Alf Ramsøy, på Surnadal kulturhus 3. juledag, 27.desember, kl.16.00.  Det er Skulstua i Todalen som inviterer til filmframsyning i Kammerset 


Klart for Romjulsmarsj – start frå 12:00 til 14:00

Jon Olav Ørsal Fredag 27. desember 2024

Trimgruppa har i travle føremiddagstimer førebudd romjulsmarsjen med servering av gløgg og saft på meldestasjonen på Bruset.  Vi tok runden rundt bygda for å sjekke føret, og kan melde at det stort sett er bart og godt føre rundt heile bygda.  Nokre få flekkar med litt is, med det kan god brukast vanleg joggesko eller fjellsko på turen rundt bygda.  Har du piggsko og stavar så er du iallfall heilt trygg.