Starta ferien som pensjonist – etter 47 år på Talgø
Det går ikkje an å seie anna enn at det er stabil arbeidskraft når ein har jobba 47 år i same bedrift. Knut Halset starta på Talgø den 26. mars 1973 – i dag hadde han sin siste arbeidsdag ved Talgø, og det vart feira med pizza og brus, saman med gode kollegaer.