Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7196 artiklar i dette arkivet.


Det haster med tiltak for villaksen

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. januar 2025

Det er vel inga hemmelegheit at fjorårets sesong vart tidenes dårlegaste sesong for villaksen – på landsbasis vart det teke 45.000 laks, medan det i Toåa vart teke 53 laks og aure – ein fangst på 158 kg.  Det er den dårlegaste fangsten som er registrert.  Det beste av dei fem siste åra er 2020, da det vart registrert 213 laks og aure på til saman 653 kg.


Talgø MøreTre søker produksjonsmedarbeidere

Jon Olav Ørsal Fredag 24. januar 2025

Vil du være med å produsere et av markedets råeste fasade- og terrasseprodukter sammen med oss? Talgø MøreTre er produsenten av kvalitetsproduktet MøreRoyal, som utgjør kjernevirksomheten i Talgø-konsernet. På grunn av økende oppdragsmengder, søker vi nå etter de rette personene til produksjonen i Talgø MøreTre AS.


Friluftslivet år – Triveleg markering rundt bålet på Tjønnmyran

Jon Olav Ørsal Laurdag 18. januar 2025

Laurdag ettermiddag var det offisielle opning av «Friluftslivets år».  Arrangementet som foregikk ved gapahuken på Tjønnmyran var berre starten på ein aktivitet som skal vare heile året i gjennom.  Det var Surnadal kommune som stod som arrangør, og det er plana at det skal bli fleire arrangement rundt omkring i kommunen i løpet av året. 


Dårleg vêr stoppar ferja, men normal drift frå kl 18:30

Jon Olav Ørsal Fredag 17. januar 2025

Rute 1061 Kvanne – Rykkjem:  Grunna dårleg ver vert sambandet innstilt inntil vidare, skriv Fjord1 i ei melding kl 16:31 i dag. Siste:  Det blir normal drift på sambandet Kvanne – Rykkjem frå kl 18:30


Tidleg vårløysing på gang?

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. januar 2025

Mildvêret og regnet denne veka har mesta gjort kol på snøen og isen –  utover stranda var Veidekke og Ranes Maskin føre var, og laga plass til isen i veggrøfta.  No har det meste av isen kome ned, og det meste har smelta bort etter fleire dagar der vi til og med har sett 10-talet på gradstokken.


Planlagte gudstenester fram til sommaren

Jon Olav Ørsal Måndag 13. januar 2025

Frå Todalen sokneråd har vi fått ein oversikt over gudstenester som er planlagt fram til sommaren – tilsaman er det 6 gudstenester i perioden fram til 15. juni.  Det er vanleg gudsteneste på søndagane 2. februar, 30. mars og 15. juni.  I tillegg er det friluftsgudsteneste 2. påskedag (21. april), konfirmasjonsgudsteneste laurdag 10. mai og gudsteneste 17. mai i tilknyting til feiring av  nasjonaldagen


Tek kontroll på isen utover stranda

Jon Olav Ørsal Måndag 13. januar 2025

Ranes Maskin ryddar plass til isen utover stranda frå Drivhammaren og utover i retning Hjellneskrysset.  I den kalde perioden som har vore den siste tida har det samla seg opp utruleg mykje is, og i dag er Geir Magne Bredesen frå Ranes Maskin i gang med å rydde vekk isen.


Bli med ut på trim

Jon Olav Ørsal Sundag 12. januar 2025

Det er Elinor Bolme – leiar i Todalen Idrettslag – som oppfordrar til å bli med ut i frisk luft.  – Vi trefte Elinor saman med elghunden Sako i Toåa tursti søndag ettermiddag. Elinor reklamerer med kjempefine forhold for trim både i Toåa tursti og i lysløypa på Tjønnmyran. 


Gratis nyttårsfest for eldre

Jon Olav Ørsal Sundag 12. januar 2025

Surnadal demensforening og helselag inviterer eldre til nyttårsfest på Thon Hotell Surnadal.  Det skjer Torsdag 23. januar kl 17:00, og leiar Liv Botten ber om påmelding på telefon 957 29 719 seinast onsdag 15. januar


Kjør forsiktig – hjorten kjem brått på!

Jon Olav Ørsal Tysdag 7. januar 2025

Etter det siste snøfallet er det ein del snø langs vegane.  Spesielt er det slik trafikk der hjorten blir tiltrekt av siloballar eller andre ting som fristar.  Hjorten kjem fort det lønner seg å være oppmerksom  og førebudd når du passerer med bil.  Dei siste dagane har det vore fleire hjortar i Evja nedafor Husby, men det er også andre plassar der det ferdast mykje hjort.


Lett å hamne i grøfta – svake kanter

Jon Olav Ørsal Måndag 6. januar 2025

I dag er det to biler som har hamna i grøfta mellom Nordvik og Svinvika.  Sist var det ein distribusjonsbil som hamna i grøfta utmed Bleikhammaren – eit par hundre meter utafor Svinviks arboret.  I dag tidleg var det ein personbil som hamna i grøfta nærmare Nordvik.  Årsak til begge utforkjøringane er no at bilane er komne for langt ut på kanten, slik at kanten har svikta. 


Full utteljing for dag to i Myrkedalen

Jon Olav Ørsal Sundag 5. januar 2025

Trollheimen fjellsportklubb gjorde ein skikkeleg medaljehaust under dagens dagens sprintprolog.  I dag var det Aron Rodal Haugen som sikra seg gullmedalja i klasse Menn U18, medan Isak Drøpping kom på andreplass og sølvmedalje.  Aron kom inn på beste tid 13:22, medan Isak fikk tillegg 0:27 og altså nest beste tid.  På 3.-plass kom Selmer Helgeland frå Buvik IL med + 1:24.